VG klikkar fotballen av børs

16.04.2023

Etter 61 år legg VG ned spelarbørsen. Avisa skal heller ikkje lenger vere til stades på alle kampar i Eliteserien.

«Våre prioriteringer endrer seg i takt med tidene», seier sportssjef Frode Buanes i VG i ei pressemelding. Ja da, dei fleste av oss er i stand til å få med seg at tidene skifter. Men betyr det at VG treng å redusere så kraftig på fotballdekninga si?

Ut frå ein kynisk tankegang om at kun skal publiserast saker med potensial i seg til mange klikk og nye abonnentar, er svaret nok nei.

Buanes seier det rett ut i pressemeldinga: «Ved at vi ikke er bundet opp til å se alle kampene, kan VG Sporten prioritere friere og klarere. Hvis det oppstår en stor VAR-snakkis i første serierunde, vil vi være bedre skodd enn før til å sette inn et journalistisk trøkk på dette». Og vidare: «Vi har hatt gleden av å jobbe tett sammen med rettighetshaver Discovery i seks år. Nå som samarbeidsperioden er over, står vi friere til å prioritere våre journalistiske krefter tydeligere og gå etter de store lagene, de store oppgjørene og snakkisene på og utenfor fotballbanen».

Det «journalistiske trøkket» og auka fokus på storlaga vil nok kome til uttrykk ved at VG behandlar mange av kampane med venstrehanda. Jakta på klikk er overordna alt anna. Avisa kjem heretter ikkje til å renne ned ned dørene verken på Release stadion i Sandefjord eller på Briskeby på Hamar, for å ta ei eit par eksempel. I alle fall ikkje før desse laga eventuelt sparkar trenaren eller hamnar i ein dramatisk nedrykksstrid. Lag som dette må frå og med denne sesongen finne seg i å hamne i skuggen i storavisa sine spalter.

Jakta på klikk er overordna alt anna. 

Når VG i si fotballdekning no skal «gå etter de store oppgjørene og snakkisene», betyr det også at vi kan forvente oss ein journalistikk prega av mindre fotball og meir personfokus. Storkjefta karar som Kjetil Rekdal, og andre likesinna med evne til å spissformulere seg, går gode tider i møte.

I realiteten ligg det store overskriftspotensialet hos berre 5-6 av dei 16 klubbane i Eliteserien. Men det betyr da ikkje at alle dei andre er kjedelege eller lite relevante. I alle fall ikkje for dei mange tusen som identifiserer seg med desse klubbane. I ei klikkverd gjeld ikkje slik tankegang. Eg mislikar prioriteringa, også på vegne av klubbane, spelarane, supportarane og alle sportsinteresserte nordmenn.

Så vil sjølvsagt alle fotballinteresserte overleve at VG tar fotballen av børs og ikkje lenger finn det formålstenleg å møte opp på alle kampane. I dag finst det så mange andre kanalar for dei som vil halde seg oppdaterte innafor forballen. Eg kjem likevel til å sakne spesielt børsen. Og det irriterer meg at ei så dominerande avis oppfører seg på denne måten.

No må VG i første omgang grave opp ein eller annan sensasjon for å kompensere for tapte klikk frå meg. Det greier dei nok. I omlegginga av fotballdekninga ligg det heilt sikkert store innsparingar. Desse pengane kan avisa no bruke på folk som sit i Oslo og jaktar på lettbeinte klikkvinnarar.