Molteplukkarar er hyggelege folk - og bæra er for alle

08.08.2023

Eg trossa vermeldingane, og tok meg ein tælatur i helga. Målet var å sjå om det framleis fanst nokre molter att i terrenget. Det gjorde det. Meir enn det eg kom heim med, treng vi ikkje.

Kvart år kjem det molteplukkarar til Tæla. Dei tek turen hit, i håp om å i det minste sikre julekveldsdesserten. Molta er for alle. Her gjeld regelen om først til mølla. Slik skal det vere. Eg tykkjer det er triveleg at folk kjem opp og plukkar bær. Somme av dei som fer, kjem også innom hytta for ein kopp kaffe. Det er ein fin bonus for oss som residerer i Tælastuå.

Dei mengdene med molte som blir plukka i mine hyttetrakter, er for blåbær å rekne mot det dei plukkar t.d. i Finnmark. Eg høyrde nettopp på radioen at folk som plukkar for sal, kan tene både 40 og 50.000 kroner i løpet av nokre få veker. Dei mest effektive, det må vere slike Kjell Aukrust kalla «rallyplukkarar», greier å oppnå ei timeløn på 1.500 kroner i timen.

Molteplukkarane eg møter er fredelege og hyggelege folk. Slik er det visst ikkje overalt. På nrk.no leste eg ei historie frå Vadsø, der ein bærplukkar i 2021 vart fråstolen heile moltefangsten. To andre bærplukkarar skal ha påstått at dei hadde retten til å plukke der kvinna nettopp hadde plukka, til tross for at dette ikkje var privat grunn. Bærbøtta skal deretter ha vorte riven ut av hendene hennar, og molteranarane gjekk sin veg med bær og bøtte. Slik kan det gå, når molteplukking går frå hobby til økonomisk vinning.

Lova er klar: Alle har rett til å plukke molte i utmark. Unntaket er der grunneigar har såkalla moltebærland, som ein finn i Nordland, Troms og Finnmark. Eit moltebærland er når grunneigar kan vise til ei økonomisk betydning av molta. Plukkeforbodet skal i så fall gjelde eit avgrensa område. I tillegg skal det vere klart og tydeleg for molteplukkarar at det er eit forbod på området.

Mange trur kanskje at det er forbode å plukke kart. Det stemmer ikkje. Lova om forbod mot plukking av kart kom i 1970, men vart oppheva i 2004. Opphevinga betyr nok i praksis lite. Ingen molteplukkar med respekt for naturen plukkar kart.

Eg vaks opp med bærplukking. Molta var den gjevaste alle sortane. Det kom m.a. til uttrykk gjennom at folk i grenda sjeldan fortalde at dei hadde vore på moltetur. Og skulle dei no seie noko om turen, fekk i alle fall ingen vite kor mykje bær dei hadde funne, og kor dei hadde vore.

I dei gamle hyttebøkene i Tælastuå, som Ane Kvendbø skreiv på 50- og 60-talet, finn vi att denne forma for hemelegheitskremmeri. Ordet molte er aldri nemnt. Uttrykk som «tok ein runde», betydde moltetur. Meldinga «gjekk til Middagshaugen, fann litt», var ein måte å dokumentere moltefangst på.

Eg trefte ingen på mi moltevandring på Tæla i gråveret søndag. Sesongen er nok stort sett over. Men tar du ein tur, og ser at flagget er oppe i Tælastuå, så stikk innom. Der er det heilt trygt. Vi driv ikkje med molteran.