Hugsar du denne skulpturen?

17.01.2023

Eg gjer det ikkje. Men den skal ha stått på bakkekanten framfor Øye skule på slutten av 60-talet.

Ein forbipasserande journalist frå Tidens Krav oppdaga kunstverket. På avisa si framside 6. mars 1968 finn vi bilde av skulpturen, med følgande tekst under:

På bakkekanten framfor Øye skole i Surnadal står denne fugleinspirerte jernskulpturen. Den er laget på metallsløyden av en del av elevene i en 9. verkstedklasse. Vi synes ungguttene fortjener all ære av måten de har løst denne formingsoppgaven på, skulpturen er så vidt vi vet den første i sitt slag i Surnadal og tar seg riktig godt der den står.

Husken min strekker som sagt ikkje til. Nokon veit kanskje meir om kunstverket enn det som står i avisa?