Desperat smølabonde ville forgifte heile Oslo

22.12.2022

Da momsen kom i 1970, var ikkje alle like glade for den. Blant desse var ein bonde frå Smøla, som like før jul i 1972 trua med å forgifte heile Oslo om han ikkje fekk tilbakebetalt over ein halv million kroner frå statsminister Lars Korvald.

Saka var toppoppslag i Tidens Krav 23. desember 1972. Her les vi at bonden at han overfor statssekretær Kjell Magne Bondevik hadde kravd å få 540.000 kroner straks. Desse skulle statsministeren utbetale. Vart ikkje kravet imøtekome, ville bonden forgifte drikkevatnet i Oslo. Trusselen utløyste full alarm ved statsministeren sitt kontor og politiutrykking.

Med traktor hadde bonden frakta seks fat med det svært giftige insektmiddelet bladan frå Smøla til Oslo. Da politiet fann han ved drikkevasskjelda Maridalsvatnet, stod mannen allereie med handa på tippespaken til tilhengaren. Med eit haglgevær heldt han politiet i sjakk. Dei seks fata med gift var det slått hol på. Da bonden forstod at politiet ikkje hadde pengane med seg, utløyste han tippmekanismen på tilhengaren. Dermed rann gifta rann ut i vatnet i strie straumar.

Bonden vart deretter overmanna og arrestert. Under avhøyra skal han ha sagt at giftdumpinga var eit desperat forsøk på å få att i alle fall halvparten av pengane. 540.000 kroner 1972-kroner tilsvarar i dag over 4,5 millionar. Så det var snakk om mykje pengar.

Etter giftutsleppet vart det tatt prøver av Maridalsvatnet. Desse viste at gifta var så fortynna at det ikkje var nødvendig med avstenging. Det ville ha ført til enorme konsekvensar, og det til overmål berre nokre få dagar før jul.

Bonden frå Smøla vart fengsla i fire veker og innlagt på Ullevaals avdeling 14, heiter det i artikkelen.

Tidens Krav bruka for øvrig fullt namn på mannen, og bretta i tillegg ut eit bilde av gardsbruket hans på toppen av førstesida. Noko slikt ville ei lokalavis aldri ha gjort i dag.