Den nautiske mila fyller hundre år

29.06.2023

For folk som fer til sjøs, er 29. juni 2023 faktisk ein aldri så liten merkedag. På denne datoen i 1923 vart måleeininga ei nautisk mil fastsett ved lov.

Ei nautisk mil er 1852 meter. Kvar kjem dette talet frå? Vi stør oss på Wikipedia, som skriv: Ei internasjonal nautisk mil er definert som nøyaktig 1852 meter, som er lik den avrunda gjennomsnittlege lengda av eitt breddeminutt på Jorda. Ei nautisk mil blir vidare delt inn i ti kabellengder à 185,2 m. Det opprinnelege målet for ei nautisk mil var at ein delte Jorda sin omkrets over polane, 40.000 km, seinare målt til 40.007,864 km, på 360 (grader) og deretter på 60 (minutter), som ga 1852,276 m (WGS 84: 1852,216 m); dette vart runda av til nærmaste heile meter er sidan 1929 definert å vere nøyaktig lik 1852 m.

Ikkje så enkel matematikk for ein amatør. Men dette er i alle fall forklaringa. Så var det uttrykket knop. Kvar kjem det frå? Svaret er, som sikkert mange veit, at dersom ein seglar ein time med ein knops fart, har ein segla 1852 meter. Med andre ord, når ein båt held ti knop, tilsvarar det drygt 18 km/t.

Vi høyrer av og til at nokon seier sjømil i staden for nautisk mil. Eg har alltid trudd at dette er to uttrykk for same lengdemål. Men det stemmer ikkje. Sjømila var 7420 meter, eit tal som kjem fram som resultat av ei svært komplisert utrekning. ¼ sjømil, ei kvartmil, var om lag 1855 meter, og vart kalla ei nautisk mil. Sjømil og kvartmil gjekk etter kvart ut som som lengdeeiningar, etter at ei nautisk mil tok over.

Ekspertisen på alt som høyrer sjø og hav til er svært begrensa her på Skrivemaskineriet Vebju. Det er absolutt ingen grunn til å bli imponert av alle dei fine utgreiingane over. Men likevel: I dag vart det altså litt maritim folkeopplysning.