Tjue tilsette mista jobben

11.01.2023

I januar 1973 vart det kjent at den da snart 70 år gamle Surna Emballasjefabrikk skulle leggast ned. 20 tilsette fekk varsel om oppseiing.

Juniorsjef Ingebrigt I. Grimsmo opplyste til Tidens Krav at det i første rekke var prisstoppen og lønsutviklinga som hadde tatt knekken på bedrifta, som dreiv med sagbruk, høvleri og kasseproduksjon. Grimsmo utelukka refinansiering og ny drift.

Ifølge Tidens Krav hadde dei tilsette vore kjent med situasjonen for fabrikken. Arbeidskontoret vart likevel varsla om oppseiingane først to dagar etter at bedrifta sendte ut oppseiingane. «Det må således sies å ha vært gjort lite fra bedriftens side for å hjelpe sine 20 ansatte for å få nytt arbeid. Det er vanlig i slike tilfeller at arbeidsformidlingen varsles i god tid, slik at en kan være forberedt på situasjonen og ta de nødvendige forholdsregler», heiter det i Tidens Krav sin artikkel.

Ordførar Erik Brøske sa til Tidens Krav at han hadde vore klar over problema ved Surnadal Emballasjefabrikk, men var likevel overraska over at heller ikkje kommunen hadde fått informasjon før avgjerda om å legge ned drifta vart tatt.

Brøske beklaga nedlegginga, og særleg den situasjonen som dei tilsette hadde hamna i. Saman med arbeidsformidlinga ville han straks starte arbeidet med å sjå på moglegheitene for å skaffe dei oppsagte ny jobb.