1. mai: I dag er veret det viktigaste

01.05.2023

Den internasjonale kampdagen for arbeidarørsla møtte oss tradisjonen tru med isande kaldt maiver. Kanskje kjem det av ei feilkobling frå mi side. Men er det noko eg assosierer med 1. mai, så er det dårleg ver. Mai er ikkje alltid den milde månaden.

I Norge har 1. mai vore offisiell flaggdag sidan 1935. Vidkun Quisling innførte 1. mai som lovfesta fridag i 1942, men denne lova vart oppheva etter frigjeringa i 1945. To år seinare vedtok Stortinget at 1. mai skulle vere offentleg høgtidsdag.

Den første feiringa av 1. mai i Norge fann stad i 1890. Markeringa på Yongstorget i Oslo samla 3.600 menneske. I tillegg var det arrangement i Halden, Skien, Hønefoss, Vikersund og på Kongsberg. Den store, og einaste, kampsaka på denne tida var åtte timars arbeidsdag. Det første 1. maimerket vart laga i 1892. På merket stod det «8 Timer arbejde, 8 Timer frihed, 8 Timer hvile». Åttetimarsdagen vart ein realitet i 1919 her i landet.

1. maifeiringa i Norge har endra seg mykje sidan den gongen. Sjølv om ho er tufta på universelle verdiar som solidaritet, fridom og demokrati, har dagen aldri slått rot i alle delar av folket. 1. mai er den politiske venstresida, sterkt dominert av Arbeidarpartiet, sin dag. I nyare tid har andre parti også tatt 1. mai i bruk til politiske markingar. Men desse har aldri sett noko preg på dagen.

Eit kuriøst 1. maiminne for min del er knytta til feiringa på Tingvoll i gymnastida første halvdel av 1970-talet. Da var det ikkje mindre enn tre 1. maitog i bygda. På gymnaset var det eit aktivt AKP-ml-miljø. Denne gjengen gjekk i det første toget. Dei var mest opptatt av idealsamfunnet til formann Mao og krigen i Vietnam. I tog nummer to deltok dei som på den politiske skalaen høyrde heime mellom AKP-ml og Arbeidarpartiet, i praksis sympatisørar av det som den gongen het Sosialistisk Valgforbund. Dette toget var dominert av lærarane på gymnaset. Det siste toget var for medlemmar av LO, andre fagorganiserte og Arbeidarpartiet. Eg meiner at kun tog nummer tre vart beæra med hornmusikk.

Men i det store og heile har det vel med 1. mai gått som med dei fleste andre rauddagar på kalenderen. Dei blir oppfatta og nytta som fridagar. Folk flest bryr seg ikkje om innhaldet, men om veret. Som altså brukar å vere dårleg – i alle fall 1. mai.