Draumen om romjula

27.12.2022

Romjul. Romhelg. Mellomjul. Kjært barn har fleire namn.

Vi er inne i ei fredeleg tid, på veg frå det eine til det andre. Dagane er annleis enn elles. Ikkje er det ørk. Og ikkje er det helg.

Med romjul meiner dei fleste no for tida dagane mellom jul og nyttår. Men det er også dei som held fast på at romjula startar allereie 1. juledag. I mitt hovud begynner romjula 3. juledag.

Uansett var perioden i eldre tider mykje lengre. Da var romjula tidsrommet mellom heilagdagane i jula og trettandedagen 6. januar. Ordet romhelg kjem frå det norrøne rúmheilagr, som betyr «som ikkje treng å haldast strengt heilag».

Mange vil nok finne meining i den definisjonen. Dei som har levd ei stund vil hugse at heilagdagane i jula hadde sine eigne reglar for skikk og bruk. Romjula innebar slakkare taumar. I dag har dette skiljet vorte svakare. Litt synd, tykkjer eg.

Romjula vekker mange minne. Barndommen si sitrande spenning når dei nye skia skulle prøvast ut. Det kvite vinterlandskapet, julelag og samvær med dei næraste. Ungdomstida sine festar med kameratskap og moro. Ja, det er mykje å drøyme seg tilbake til.

Ingen har vel sett finare ord på draumen enn Alf Prøysen. Eg ønsker alle ei fin romjul med ei strofe frå visa «Romjulsdrøm»:

En skulle vøri fire år i romjul'n
da julelysa brente dagen lang
da væla var et hus med fire vegger,
og saligheta var et bessmorfang.