Ny regissør for Atlanterhavsspelet

18.05.2023

Eldar Skar frå Molde er ny regissør for Atlanterhavsspelet, som blir sett opp for tredje gong på Ergan kystfort i Bud i tidsrommet 6. – 9. juli. Han tar over regissørjobben etter faren, teaterveteranen Endre Skar.

For tida er Eldar tilsett ved Oslo Nye Teater, og har lang erfaring som skuespelar ved ulike norske scener, m.a. Teatret Vårt frå 2012 til 2014. Han har også spelerfaring frå «Gurispelet», og produserte saman med Fjerdeklassesproduksjoner «Nesoddspelet» i 2014 og 2015. Eldar har spela i fleire seriar og filmar, som m.a. «Okkupert», «Sonja» og den stjernespekka Robert Eggers-filmen «The Northman» frå 2022.

Endre Skar er no produsent for Atlanterhavsspelet. Ein annen son, Jørn Skar, har skrive manuset. Med på laget er også dottera Annbjørg Skar som prosjektleiar.

Atlanterhavsspelet vart første gong vist i 2018. Så gjorde koronaen at det vart ein pause fram til 2022. Den dramatiske handlinga tar oss med tilbake til 1843 og ei tragisk ulykke det året. 15 personar frå Eide drukna på veg heim frå julehandel i Kristiansund. Ulykka er ei virkeleg hending, som er sett inn i ei ramme av fri dikting.

Teaterdrift Møre AS står bak oppsettinga av Atlanterhavsspelet. Dei fire profesjonelle skuespelarane Svein Solenes, Line Brå Johansen, Svein Roger Karlsen og Per Egil Aske spelar fire av hovudrollane. I tillegg deltar eit stort antal lokale aktørar både på og utenfor scenen.