Sjukehuset på Hjelset reiser seg

09.01.2023

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset tar form. Våren 2025 skal anlegget stå klart til bruk.

Etter at planane om nytt sjukehus i Molde først vart torpedert, vedtok Helse Møre og Romsdal i 2012 ein utviklingsplan som konkluderte med at det skulle planleggast eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Da høyringsrundar og utgreiingar var avslutta, stod ein igjen med tre tomtealternativ: Opdøl i Molde, Storbakken i Kristiansund og Astad i Gjemnes.

11. desember 2014 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at det nye sjukehuset skulle leggast til Hjelset. Fire dagar seinare gjorde Helse Midt-Norge same vedtak, og 14. desember 2014 strødde helseminister Bent Høie i føretaksmøte sand på vedtaka.

Alle nordmørskommunane stilte seg i 2012 bak tanken om eit fellessjukehus. Likevel utløyste stadvalet enorme reaksjonar i Kristiansund, der ein heilt tydeleg hadde kjent seg trygg på at sjukehuset ville bli lagt til Storbakken. Kristiansund gjekk rettens veg i håp om å få stoppa bygginga på Hjelset, men nådde ikkje fram med kravet.

Sjukehuset på Hjelset blir bygd på same tomt som det psykiatriske sjukehuset på Opdøl. Mesteparten av dei gamle bygningane er jamna med jorda, for å gi plass til det 65.500 m² store nyanlegget.

Sjukehusetableringa inneber ei ny tid for Hjelset, der eg budde i åra 1984-98. Spesielt Opdøl-området gjennomgår store omveltningar. Men heile bygda kjem til å merke dette. Ein gigantisk arbeidsplass som det nye sjukehuset, vil gi store ringverknadar når det gjeld bustadbygging, handel og anna næringsliv. Det er neppe særleg dristig å spå at eit nytt butikksenter snart ser dagens lys på Skjevikåsen like ved. Kjøpekraft i stort omfang blir trekt ut av sentrum i Molde og Kristiansund, når sjukehusdrifta på Opdøl er i gang. Molde, som framleis har eit levande sentrum, vil merke dette aller mest. I Kristiansund er sjølve sentrum allereie nokså utarma av alle etableringane på Løkkemyra. Til gjengjeld får nok desse verksemdene kjenne på endringane i sjukehusstrukturen, når den tid kjem.

Om ikkje lenge står den nye vegen mellom Hjelset og Lønset ferdig. Dermed blir dei som bur langs dagens E39 på strekninga kvitt gjennomgangstrafikken. Bilistane får ein tryggare og langt meir tidsmessig veg.

Tar eg ikkje feil, er det rundt tretti år sidan eg var på eit folkemøte, der vegstyremaktene orienterte om planane for ny veg frå Hjelset til Lønset. Ting tar tid!