Eit skøyteminne: 55 år sidan Fred Anton Maier vann VM

25.02.2023

Vi tar fram eit skøyteminne midt oppe i alle skiidretten. 25. februar er det på dagen 55 år sidan langdistansekongen Fred Anton Maier vann skøyte-VM på Nya Ullevi.

1968 var Maier sin største sesong. Han gjekk til topps i EM og VM, og vann i tillegg OL-gull på 5000 meter. Men kanskje er Maier sitt sølv på 10000 meter det folk hugsar aller best frå dei olympiske skøyteløpa i Grenoble? Nordmannen hadde oppskriftsmessig levert ein sterk titusen, og såg ut til å ha seieren i lomma. Men så kom Johnny Høglin snikande i eit seinare par. Etter ein nervepirrande sisterunde, slo svensken Maier med tre tidelar. Bittert for Maier sjølv, og eit sjokk for alle som sat benka rundt radio- og TV-apparata i Norge. Eg gjekk i femte klasse den gongen. Læraren vår let skule vere skule, og sette på radioen slik at vi fekk høyre overføringa frå 10000-meteren i Grenoble.

VM i 1968 enda med dobbeltseier for Norge, noko som da ikkje hadde skjedd på 18 år. Magne Thomassen tok sølvet, berre 0,127 tidspoeng bak Maier. Det tilsvarar berre 2,54 sekund på 10000 meter.

- Jeg har vært igjennom noe liknende før, men verre enn i dag har det aldri vært, sa verdsmeisteren til Arbeiderbladet etter den nervepirrande 10000-meteren.

Maier sette ny verdsrekord samanlagt i meisterskapet.

Han fekk dermed revansje frå NM i Horten same år, da han etter ein dramatisk 10000 meter måtte gje tapt for Thomassen i samandraget. Maier sette verdsrekord på 10000 meter. Men det var ikkje nok. Thomassen kom seg akkurat tidsnok i mål på milløpet til å bli norgesmeister. Marginen var her på fattige 1,2 titusenmetersekund.

Også under EM på Bislett i 1968 måtte Maier ta ut sitt aller beste for å gå til topps. Eduard Matusetvitsj leia klart etter tre løp, og hadde drøye 14 sekund til gode på nordmannen på 10.000 meter. Det var ulidande spennande. Men Maier klarte brasene på suverent vis. Han slo Matusevitsj med over 23 sekund på mila, sette verdsrekord på distansen og vart europameister.

I løpet av karrieren sette Maier heile 11 verdsrekordar; fire på 5000 meter, fire på 10000 meter, ein på 3000 meter og to samanlagt. Han var førstemann under 7.30 på 5000 meter, og var den første som braut 15.30-grensa på 10000 meter. Merittlista innheld også to NM-bronse i landevegssykling.

Skøyteløparane i dag er langt meir komplette enn dei gamle heltane. Ein moderne utøvar kan like gjerne vinne 500 meter som 10000 meter. Før i tida var det som regel slik at løparane beherska berre halvparten av distansane. Enten gjekk dei fort på dei kortare løpa, eller så var dei knallgode på dei lange. Fred Anton tilhøyrde sistnemnde kategori. For han handla det om å prestere ein 500 meter på anstendig vis, og samtidig ikkje tape for mykje på 1500 meter. Dei to lengste distansane vann han som regel.

Skøytesporten har tatt sjumilssteg sidan 1968. Men samtidig har kanskje noko gått tapt på vegen? Det er nesten slik at ein kan lure. Eg saknar Per Jorsett sine rundetider, skjema, differansar og poengsummar. Gamle dagars skøyteløp var like mykje matematikk som idrett. Her låg etter mi meining magien i meisterskapa.

Fred Anton Maier, født 15. desember 1938, gjekk bort 9. juni 2015. Vi vil hugse han som ein majestetisk stilløpar og, ikkje minst, som ein svært sympatisk idrettsmann.