Global oppvarming enda farlegare enn suverene nordmenn

21.12.2022

Val av arrangørby for vinter-OL i 2030 er utsett. IOC vil vite meir om dei framtidge konsekvensane av klimaendringane før dei gjer sitt vedtak.

Den ekstreme norske dominansen i herrelangrenn har skapt uro med tanke på idretten si framtid. Normalen har vorte 7-8 nordmenn blant dei ti beste. Nyleg tok Norge dei 27 (!) første plassane under eit renn i Skandinavisk Cup i Östersund.

Vi forstår at utlendingane kan bli mismodige av mindre. Men når det gjeld framtida til langrenn og annan utandørs vintersport i ein lengre tidshorisont, er nok ikkje norsk dominans den største trusselen. Eller for den del, reklameinfiserte TV-sendingar. Da snakkar vi om klima.

Vi har sett det i mange år. Og utviklinga blir stadig tydelegare. Langrenn blir avvikla på smale snøstriper i det som tidlegare har vore snøsikre stader både i vinterlandet Norge og Europa elles. Også alpinstane har store problem, på tross av at dei i stor grad held til tusenvis av meter over havet.

For alpint er det dessutan ei ekstra utfordring at dei er i ferd med å miste mange av sine tradisjonelle treningsstader i Mellom-Europa. Sommartrening på breane har vore ein viktig del av sesong oppkøyringa. No forsvinn isbreane i skremmande stor fart. I Sveits dukka det sommaren 2022 opp fleire gamle lik som følge av bresmeltinga. Også eit 54 år gammalt flyvrak kom opp i dagen.

Framskriving av temperaturstigninga på jorda viser at 50-60 prosent av dei områda i Europa som i dag er eigna for å arrangere vinter-OL, vil vere uaktuelle til dette formålet om tretti år. Sjølv om vi greier å halde oss innafor 1,5-gradersmålet, som på tross av mykje fager politikartale ikkje verkar særleg sannsynleg, vil dette skje. Stig temperaturen med to grader før kloden er karbonnøytral - også det eit mål som ifølge forskarane krev ei svært rask endring i klimapolitikken, blir bildet enda meir dramatisk.

IOC-president Thomas Bach slår alarm. I eit intervju med nyhetsbyrået DPA, publisert m.a. i VG, seier han at IOC dei nemnte områda på eit tidspunkt ikkje vil investere meir i idrettar som krev snø og is. I staden vil den økonomiske innsatsen heller bli retta mot t.d. gå- og terrengsykkelopplevingar for turistar.

Vintrana er allereie kortare enn før, og verre vil det bli. Bach meiner dette reiser spørsmål om kor lang levetid VM, verdscupar, OL og paralymics har igjen.

Vinter-OL i 2026 skal arrangerast i Milano og Cortina d'Ampezzo. Valet av arrangementsstad for 2030 er altså utsett. Organisasjonen vil skaffe seg meir kunnskap om den globale oppvarming før tildelinga blir gjort. Det viser kor alvorleg organisasjonen ser på situasjonen.

Framtidas generasjonar vil heilt sikkert ha viktigare ting å bale med enn å redde skiidretten. Men poenget er altså at dersom skiidretten må gi tapt for varmegradane, vil det samtidig ha skjedd endringar i levekåra her på jorda som vi ikkje har fantasi til å sjå for oss.