Historisk VM-vinnar fyller åtti år

30.07.2023

30. juli 2023 fyller den tidlegare langrennsløparen Magne Myrmo åtti år. Det må markerast.

Da rennbyggen i 1974 gjekk inn til VM-gull på 15 km i Falun, skulle det vise seg at han hadde gjort eit historisk løp. Myrmo vart den siste verdsmeisteren på treski.

Eg gjekk på gymnaset den gongen, og hugsar løpet godt. Fritime for å sjå sport var det bortimot umogleg å mase seg til på gymnaset, men akkurat denne dagen gjorde læraren vår eit unntak.

Det var eit forferdeleg spennande løp. Myrmo starta tidleg, og det låg lenge an til at austtyskaren Gerhard Grimmer skulle snyte nordmannen for gullet. Men han kom i mål eit snautt sekund for seint. Eit fall berre 1.200 meter frå mål vart avgjerande. Grimmer gjekk på glasfiberski. Truleg var han også dopa, slik austtyske idrettsutøvarar jo hadde for vane på denne tida.

1974 skulle bli det året da glasfiberskia slo igjennom for alvor. Norge stod som vanleg med begge beina trygt planta i bakstreveriet, og var ikkje førebudd i det heile tatt.

Oddvar Brå gjekk sine eigne vegar og teikna kontrakt med glasfiberprodusenten Fischer allereie i 1973. Han vart sett på som ein svikar. Året før hadde han tatt VM-gull i Holmenkollen på treski frå Landsem. Det gjekk så langt at venstrepolitikaren Hallvard Eika frå Stortinget sin talarstol skulda Brå for å truge norske arbeidsplassar. Også kommunalminister Leif Aune (Ap) uttrykte sterk uro over valet til ungguten frå Hølonda.

Tidleg på 70-talet var det enno, med stort og smått, rundt 15 skifabrikkar i drift i Norge. Berre i Rindal var det to. Landsem og Troll-Ski hadde på det meste rundt hundre tilsette til saman. I ettertid verkar likevel den politiske innblandinga nokså absurd. Men det skjedde mykje rart i desse åra. I 1971 gjekk t.d. eit samla Venstre og Sp, saman med enkeltrepresentantar frå Ap og KrF, imot innføring av fargefjernsyn i Norge. Så kvifor kunne ikkje politikarar også bestyre seg med langrenn?

I eit intervju med VG i 2008 fortalde Brå om presset han opplevde. Da eit par Fischer-toppar besøkte Brå heime på Hølonda i november 1973, valde han å annulere kontrakten.

- Da hadde hjertet avgjort at jeg skulle tilbake til Landsem, selv om hjernen sa at den riktige avgjørelsen styrte mot Fischers glassfiberski. Det endte med at jeg rev i stykker kontrakten. Dessuten hadde sannsynligvis Norges Skiforbund annullert kontrakten på grunn av avtalen forbundet hadde med «skipoolen», som var en samling av norske skifabrikker og som støttet skiforbundet økonomisk (300000 kroner i året), fortel Brå i intervjuet.

Men verda skulle gå raskt framover. I 1975 gjekk alle norske langrennsløparar på glasfiberski, og fargefjernsynet var på full frammarsj.

Tilbake til jubilanten: Ved sida av VM-gullet i 1974, var Magne Myrmo med på å sikre norsk stafett-bronse i same meisterskap. I 1972 tok han OL-sølv på femmila i Sapporo bak Pål Tyldum.

Myrmo vann NM-gull på 15 km i 1972, og vart norgesmeister på 50 km i 1971. I tillegg sikra han seg fem NM-sølv og ni NM-bronse, den siste av desse i stafett.

Etter den sterke innsatsen i 1974 vart Myrmo kåra til «Årets idrettsnavn» og fekk Sportsjournalistenes statuett. Same år vart han også tildelt Olavsstatuetten.

I 1974 vart Magne Myrmo heidra med ein statue i heimbygda. Statuen er plassert ved laftesenteret på Berkåk, og er sjølvsagt i tre. Karsten Brundtland fra Torpo i Hallingdal har laga statuen av ei 300 år gammal malmfuru, som har stått 1000 m.o.h. i Hallingdal. Statuen er i naturleg storleik, 176 cm høg.