Kor mange kommentatorar trengst det for å avvikle ei sportssending?

08.03.2023

Mitt subjektive svar er: Nokre færre enn det NRK opererte med under ski-VM i Planica.

Det vart rett og slett for mange som skulle ha eit ord med laget. I langrenn opererer NRK no med 4 – fire – kommentatorar. I tillegg kjem dei som står på stadion, og han som fyk rundt ute i løypa for å formidle dei håse brøla frå trenar Eirik Myhr Nossum.

Jann Post er truleg den mest kompetente langrennskommentatoren NRK nokon gong har hatt. Eg ser for meg at han hadde klart jobben med glans heilt åleine. No må han konkurrere med snakkemitraljøsa Torgeir Bjørn. Så skal Fredrik Aukland, for øvrig ein svært kunnskapsrik kar, og Therese Johaug også sleppe til. NRK karakteriserte avtalen med Johaug som ei «stjernesignering». Det var den vel også. Men saman med dei taletrengte karane kjem ho dessverre ikkje til sin rett. Ho hadde fortent ei anna rolle.

I kommentatorboksen i hoppbakken sit også orda laust. Christian Nilssen greier seg brukbart, sjølv om han har eit stykke igjen til Arne Scheie. Men så var det denne moldensaren. Lenge tykte eg at Johan Remen Evensen var ein behageleg og dyktig ekspertkommentator. Kunnskapen er det framleis ikkje noko å seie på. Langt ifrå. Men dessverre har Evensen utvikla seg til å bli hoppbakkens svar på Torgeir Bjørn. Det går på inn- og utpust, frå første til siste løpar. Treng vi analyser av alle hopp – også dei som endar oppe på kulen? Når utgreiinga etter eit svev blir så detaljert at ho varer til neste hoppar er i lufta, går informasjonen over til å bli sjenerande støy. I eit par kvalikar bytta Johan Remen Evensen og Anders Bardal plass. Evensen flytta ned på sletta, medan Bardal sette seg i boksen saman med Nilssen. Det var ikkje noko dårleg løysing.

Eg følger med på fleire Facebook-grupper for hoppinteresserte. Om folk frå sportsredaksjonen i NRK gjer det same, kan dei ikkje unngå å ha fått med seg den massive misnøya med dei talrike og tanketomme intervjua som braut inn midt under VM-renna. Eg tykkjer også at dette fungerte særs dårleg. Kvifor kan ikkje slike intervju, i den grad dei i det heile har verdi, heller sendast før rennet og i pausen? NRK bør jo ha tid til det, sidan dei ikkje treng å sette av plass til reklame.

Når alt dette er sagt - så vil nokon vil heilt sikkert meine at eg er ein surmaga, gammaldags gubbe: NRK er best på sport. Ingen over. Ingen ved sida. Samtidig er det ikkje sikkert at kvaliteten aukar i takt med antal ord og ekspertar. Kanskje heller tvert om.