Fantastisk start på påska - og no har randoneefolket oppdaga Fossafjellet

04.04.2023

Første del av påskefeiringa på Tæla er over. Om nokre få dagar ventar del to. Eg kan nesten ikkje hugse palmehelg med så stor trafikk forbi hytta.

Ein av årsakane til dette er sjølvsagt veret. Eg kunne ikkje observere ei einaste sky på himmelen frå eg kom opp fredag til eg forlet hytta måndag formiddag. I tillegg var skiføret heilt fenomenalt.

Så ser eg ein ny trend: Stadig fleire randonee-entusiastar oppdagar Fossafjellet. Vi som har gått tur i dette området heile livet, veit at Fossafjellet byr på ei nedkøyring av dei sjeldne. No er det ikkje lenger berre lokale rennarar som tek turen opp til toppen.

Det er positivt. Tæla er etter mi meining eit av dei finaste turområda i Surnadal, uansett årstid. Opp gjennom åra har eg av og til møtt folk på tælatur for første gong. Det har ikkje mangla på lovord. Ja, fleire har innrømt at dei ikkje eingong visste at dette terrenget eksisterte.

Sjølv om det framleis er eit stykke å gå opp til Tæla, er området likevel langt meir tilgjengeleg enn før. Bilvegen innover Kvenndalen, i kombinasjon med gangbrua oppe på Hyllbakkan, har korta ned turen med rundt ein kilometer og over 130 høgdemeter. Utan vegen, og spesielt brua, trur eg svært få ville ha bruka Tæla som turterreng i dag. Avstanden frå gangbrua til Tælastuå (485 m.o.h.) er om lag 2,5 kilometer, og ein må forsere rundt 300 høgdemeter.

Dei som tar seg opp til det 786 meter høge Fossafjellet for å nyte nedrenninga, får ikkje opplevinga gratis. Men dette er ikkje kvisame folk. Når mange av dei også stoppar på for å slå av ein prat, blir dette eit svært triveleg innslag i hyttelivet.

Dersom ein ikkje utfordrar dei bratte områda, er Fossafjellet eit trygt terreng. Med Tæla som utgangspunkt, er det også mange andre fine mål å velje i, der ein slepp å tenke på risikoen for ras. Det gjeld berre å bruke vett og forstand.

Sjølv gjekk eg ein tur til Skarvan laurdag. Dette meiner eg er eit undervurdert turmål, i alle fall av turgåarar som kjem opp frå kvennbøsida. Utsikta er prektig, og på toppen står ein flott kvilebenk som Gunnar Nordvik laga til og plasserte der for eit par år sidan. Skarvan ligg 725 m.o.h., altså berre 60 meter lågare enn naboen Fossafjellet. Frå Tælastuå er det litt lengre å gå til Skarvan enn til Fossafjellet. Turen er likevel lettare. På fint føre er nedkøyringa utover Tæla frå Skarvan også framifrå.

Søndag la eg turen til Veltret. Eg hadde vel strengt tatt Litjfjellet i bakhovudet da eg tok laust. Men etter å ha rasta ein time i sola ved foten av Storfjellet, bestemte eg meg for å sette kursen utover Tæla igjen. Kva med litt afterski i solveggen på hytta? Inne på Veltret fekk triveleg selskap av Lars Polden, som rente ned om Fjellenden.

Ikkje direkte spektakulære ekspedisjonar, vil vel mange seie. Nei, eg er ikkje så opptatt av høgde- og lengdemeter lenger. Det vart likevel rundt to mil på ski i løpet av tre døgn. Brukbart, meiner eg. Som bonus sit eg att med naturopplevingane. Finst det noko betre enn å gli innover Tæla på silkeføre ein solrik dag? Ikkje som eg veit. Så blir det nok ein og annan toppturen seinare i påska og utover våren. Vi får sjå.

Eg har tenkt meg til fjells igjen langfredag. Så kjem eg til å strekke påskehelga til kanskje både tredje- og fjerdedagen. Vermeldingane er i skrivande stund veldig lovande.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format med bildetekster).