Det problematiske ordet - og ein berømt stasjon

11.05.2023

Hellbillies syng ikkje lenger songen «Neger på Ål stasjon». I vår tid er dette ein rasistisk tittel. Songen blir i dag omtala som «På Ål stasjon».

Men stasjonen står framleis der. Eg og Mette passerte for ikkje lenge sidan. Ål er eit triveleg bygdesamfunn øvst i Hallingdalen. Gjennom tettstaden går Bergensbanen og riksveg 7.

«Neger på Ål stasjon» vart til i 1996. Da var ikkje n-ordet, som det heiter i dag, problematisk å bruke. Det var først etter årtusenskiftet at ordet fekk ein rasistisk valør.

Mange har meint mykje om akkurat dette. Vi må sjølvsagt ta på det djupaste alvor at rasismen blomstrar blant oss den dag i dag. Om dette så skal vere grunn til å endre eller forby åndsverk frå ei anna tid, stiller eg meg likevel meir skeptisk til. Det er ei problematisk line å gå inn på.

Da striden rundt songen oppstod, meinte Hellbillies først at det var uaktuelt å endre på teksten. Det enda likevel med at dei i 2015 bestemte seg for å slutte å spele «Neger på Ål stasjon». Det omdiskuterte tekstpartiet går for øvrig slik: «Eg så 'n fysst på perrongen. For meg so va'ræ ein sensasjon. Han kom med toget frå Drammen. Ein neger sto på Ål stasjon».

Hellbillies ga ut den første plata si i 1992. Seinare har dei suksessrike albuma kome som perler på ei snor. I 2015 hadde salstala passert 900.000. Eg har ikkje funne nyare tal. Kanskje er millionen nådd. Fleire enn meg meiner at dei er Norges beste liveband.

Gruppa er fenomenale ambassadørar for heimbygda og dialekten sin. Hadde det ikkje vore for Hellbillies, hadde vi nok aldri stoppa på i Ål. Der vi altså til overmål tok ein ekstra avstikkar for å fotografere noko så daglegdags som jernbanestasjonen.

Eller daglegdags? Sanninga er vel at Ål stasjon er ein av dei mest kjente i heile landet.