Han gjorde skihopping til kunst

04.08.2023

Bjørn Wirkola er ei levande legende. 4. august 2023 fyller han åtti år.

Fascinasjonen min for skihopping, som skulle bli ei livslang interesse, oppstod allereie før eg begynte på skulen. På den tida handla norsk hoppsport først og fremst om karar som Toralf Engan, Torgeir Brandtzæg og Torbjørn Yggeseth. Wirkola kom litt seinare. Han slo igjennom for fullt som spesialhoppar da han ga seg som kombinertløpar etter 1964-sesongen. Under OL i Innsbruck dette året, deltok han både i kombinert (11. plass) og spesielt hopp (16. plass).

Under ski-VM i Oslo i 1966 var eg ti år. Her vann Bjørn Wirkola begge renna. Eg veit ikkje heilt om eg greier å finne ord som beskriv kor stort inntrykk dette gjorde på ein hoppinteressert gutunge. Det var berre så enormt. Da Wirkola seinare på året toppa sesongen med sitt legendariske verdsrekordhopp på 146 meter i Vikersund, var eg redningslaust fortapt som beundrar av stilhopparen frå Alta. Sidan den tid har han alltid vore min største idrettshelt.

Bjørn Wirkola var verdas beste hoppar i andre halvdel av 60-talet. Han hadde ein karakteristisk og elegant stil. Over kulen kom han som regel med ei svak ploging på skiene – gjerne med den eine handa litt ut frå kroppen, før han i estetisk fullkome svev strekte seg ned mot overgangen og eit perfekt nedslag. Ingen hoppa finare. Få hoppa lengre. På sitt beste dreiv Bjørn Wirkola med kunst.

Med to VM-gull i 1966, hoppa Bjørn Wirkola seg inn i historiebøkene. Like historisk er innsatsen i hoppuka, der han vann tre år på rad. Det har ingen greid etter han. Med til historia høyrer at han var veldig nær å vinne fire gongar på rad. I 1970 var han berre 2,8 poeng bak vinnaren Horst Queck frå DDR. Wirkola har sjølv hevda at han vart snytt for 1,5 meter under rennet i Innsbruck. Hadde han fått korrekt lengde, ville det ha vore nok til å slå Queck i samandraget. Når ein heidersmann som Bjørn Wirkola valde å gå ut offentleg med ein slik påstand, kjenner eg meg heilt trygg at han hadde rett. Alle som har følgt hoppsporten sidan tidleg på 60-talet, veit jo også at østerrikske lengdemålarar ikkje alltid var til å lite på.

Ingen hoppa finare. Få hoppa lengre. På sitt beste dreiv Bjørn Wirkola med kunst. 

Wirkola vart altså dobbel verdsmeister i 1966, men klarte aldri å ta OL-medalje. Merittane er likevel overveldande. Han vann hoppuka i 1967, 1968 og 69. Ved sida av andreplassen i 1970, vart han nummer to i 1965 og nummer tre i 1966. Gjennom karrieren sikra han seg åtte NM-gull, fire NM-sølv og to NM-bronse. Bjørn Wirkola sette verdsrekord tre gongar. Forutan VM-triumfen i 1966, vann han Holmenkollrennet også året etter.

Skihopparane hadde ingen verdscup på Wirkola si tid. Kor mange nasjonale og internasjonale renn han vann ved sida av det som her er nemnt, har eg ingen kunnskap om. Men det var nok uhorveleg mange.

Etter å ha spela nokre sesongar for Melhus, gjekk Wirkola til Rosenborg før 1971-sesongen. Dette vart eit jubelår for RBK, med seier i både serie og cup. Same år som han vann gull i storbakke-NM, vart Wirkola toppscorar for trønderane. Han kom også på scoringslista i cupfinalen mot Fredrikstad.

Wirkola la opp som skihoppar etter 1972-sesongen, men heldt fram som RBK-spelar ut 1974. Da var ein stor idrettskarriere over. Han fekk Olavsstatuetten i 1966, Sportsjournalistenes statuett i 1967, Holmenkollmedaljen i 1968 og Egebergs Ærespris i 1971.

Sidan sesongen 1973 har verdas skihopparar hoppa etter Wirkola. I mi subjektive (eg må få understreke det) rangering, er det gjennom alle desse åra berre ein som har klart å kome opp på Wirkola-nivå, Halvor Egner Granerud. Uttrykket å hoppe etter Wirkola skal ifølge Store norske leksikon første gong ha vore bruka under NM i Skui i 1965, der Toralf Engan hoppa etter Wirkola. Den tidlegare storhopparen Torbjørn Yggeseth var TV-kommentator, og da Engan var i tilløpet, sa han: «Sjølv for Engan er det ikkje moro å hoppe etter Wirkola».

Skrivemaskineriet Vebju gratulerer kunstnaren og Norges største skihoppar gjennom alle tider med dagen.