Eit 50-årsminne: Brutalt møte med hundre decibel

11.01.2023

50 år har gått sidan eg opplevde min første verkelege rockekonsert. Det skjedde da gruppa Aunt Mary gjesta Tingvoll gymnas 15. januar 1973. Gruppa spela på Sunndalsøra dagen etter.

Bandet frå Fredrikstad var blant dei leiande i Norge på denne tida. Dessutan var dei berykta som det mest høgtspelande. Opp gjennom åra har eg vore på eit utal konsertar innafor fleire sjangrar. Noko verre enn Aunt Mary trur eg ikkje eg har opplevd. Kanskje låg Naked City på Moldejazz rundt same nivå. Her rømte ein stor del av dei 1.500 tilhøyrarane, eg sjølv inkludert, Idrettens Hus før halvtimen var gått.

Eg trur ingen forlet gymsalen på Tingvoll. Vi hadde tross alt betalt 20-30 kroner for å kome inn. Dessutane var jo musikken storarta, tross alt. Men eit lydsjokk av dei sjeldne var det. Ein som var ute og spaserte på den andre sida av Tingvollvågen under konserten, påstod etterpå at han hadde høyrd teksten på songane. Kjemilæraren vår, som sat i ei anna fløy på gymnaset og retta prøver, kunne dagen etterpå opplyse at han ikkje hadde fått gjort noko som helst.

På Sunndalsøra var det ikkje alle som klarte å halde ut med lydnivået, og forlet salen. Etter konserten uttala bassist og vokalist Svein Gundersen til Aura Avis at lydstyrken nok låg godt over 100 decibel enkelte gonger under konserten. Han meinte likevel at dette var barnemat, samanlikna med nivået til dei kjente utanlandske gruppene.

Aura Avis hadde med eigen lydmålar til konserten på Sunndalsøra, og konstaterte at lydnvået låg langt over faregrensa på 85 decibel. Avisa ba distriktslege Torbjørn Saltveit om ein kommentar. Han meinte 100 decibel i berre ei eit par timar ikkje vil føre til varige skadar, men la til at det nok ville gå nokre dagar før ein vart «normal» igjen.

Avisa skriv vidare: «Decibelkurven er logaritmisk. Det innebærer at lydstyrken blir fordoblet fra 85 til 88 decibel. Når en så tenker på at støyen i samfunnshuset tirsdag lå rundt 100 decibel kan en forstå at det blir sus i ørene.»

Aura Avis sin medarbeidar på Tingvoll var slett ikkje nøgd med det han høyrde. Vi siterer frå avisa: «Heller ikke under gruppas konsert på Tingvoll mandag ble det spart på lydstyrken, rapporterer Aura Avis' medarbeider, som sier han har medlidenhet med de som fikk plass forrest i salen. At de satt med pekefingrene i ørene tok ikke gruppa som noen advarsel. De dundret avgårde med samme fart og volum hele tiden, og det hele virket litt masete og kjedelig med få skiftninger.

Den nye organisten gled godt inn i bandet. De fire instrumentalistene var godt samspilte, men det hjalp lite når musikken var lite tilfredsstillende. Men Aunt Mary er absolutt på rett vei med sine komposisjoner, sier vår mann, som legger til at vi her på Tingvoll sitter vi igjen med sterkt blandede følelser - og spikerhull i parketten på scenen!»