Opplagsfest for avisene på Sunndalsøra

10.03.2023

Avisene på Sunndalsøra gjer det godt om dagen. I fjor auka Aura Avis opplaget med 161 abonnentar. Driva, som dekker eit område som i folketal er dobbelt så stort som Aura Avis sitt nedslagsfelt, fekk ein pluss på 331 abonnentar.

Avis og Driva var ein gong i tida bitre konkurrentar. Konkurransen er der framleis, men avisene har for lengst funne kvar sin plass i marknaden. Resultatet er to aviser som lever i fredeleg sameksistens, med solid opplagsvekst og gode økonomiske overskot. For ein som brukte meir enn halvparten av sitt yrkesaktive liv på ei av desse avisene, er det triveleg å registrere denne positive utviklinga.

Berre i løpet av dei to og eit halvt åra som har gått sidan eg slutta som redaktør i Aura Avis, har det skjedd store endringar i avisene. Digitaliseringa har fortsett med uforminska styrke. Det pregar også journalistikken. Stoffmiks og prioriteringar er annleis i dag enn i 2020. Ifølge Mediebedriftenes Landsforening auka lokalavisene det heildigitale opplaget med 17,8 prosent i fjor.

Enno heng papiravisa med. Tida vil vise kor lenge det varer. Mange aviser har allereie redusert utgivarfrekvensen. Fleire vil følge etter. Medan talet på digitale abonnentar berre aukar, skjer det eit vedvarande fall for reine papirabonnentar. Distribusjons- og papirkostnadane har også auka kraftig dei siste åra. Det talar ikkje til fordel for eit produkt som lever på lånt tid. Ein plass går smertegrensa.