Endeleg var vi der!

13.03.2022

Så var vi endeleg i Vikersundbakken, to aldrande brør som gjennom heile livet har vore opptatt av skihopping. Vi vaks opp med Engan, Wirkola og Grini, og bygde hoppbakkar saman for å realisere draumen om å bli like gode som heltane.

Det klarte vi aldri. Men interessa for verdas flottaste idrett har vore stabil og intens i meir enn 60 år. Det tok lang tid å kome seg til Vikersund på renn. Men når vi først bestemte oss, kunne ikkje pilegrimsferda ha vorte meir vellykka. Vi fekk med oss dag ein og to av VM i skiflyging 2022, og stod berre tretti meter unna Marius Lindvik da han sette nedslag og sikra VM-tittelen. Norsk seier, nydeleg ver og ein formidabel folkefest i eit fantastisk hoppanlegg - betre kan det ikkje bli.

13. mars 2022 er det på dagen 56 år sidan Bjørn Wirkola sette verdsrekord med 146 meter i denne bakken. Eg meiner den dag i dag at dette er eit av dei vakraste skihoppa som nokon gong er prestert. På den tida var 146 meter ekstremt langt. Det var faktisk uforståeleg at noko slikt kunne gå an. I dag er verdsrekorden 253,5 meter, sett av Stefan Kraft i Vikersund 18. mars 2017.

Sommaren 1967 vart Vikersund ein naturleg stopp på familien sin årlege ferietur. Vi måtte dit for å sjå datidas monsterbakke. Ein kan slå fast at hoppsporten har forandra seg mykje sidan Wirkola si tid. Men nokon må gå først og sprenge grenser. Det er viktig å ta vare på historia.

Ein lever lenge på ei helg som dette. Den fjerde omgangen, da alt skulle avgjerast, er noko av det mest heftige eg har opplevd av idrett. Stemninga i bakken var enorm. Den eine hopparen etter den andre leverte svev i ekstremklassen. Mange ville vinne. Til slutt sat ein 23 år gammal nordmann åleine igjen på toppen. Da han passerte den grøne streken med god margin, eksploderte alt. For ein skihoppar! For ein vinnarskalle!

Vikersund er ei lita bygd. Men dei har altså verdas største hoppbakke. Eit omfattande apparat må til for å gjennomføre eit mesterskap som dette. Eg veit ikkje korleis alt foregår. Men det vi i alle fall registrerte, var at her ligg det ein formidabel frivillig innsats i botn. Det  vrimla av blide frivillige i gule vestar. Avviklinga av rennet, logistikken rundt shuttlebussar og parkering - alt var perfekt. Laurdag var det 10.000 tilskuarar i det som eg meiner er Norges flottaste hoppbakke.

Det er vel ein fare for at det blir reprise på denne pilegrimsreisa. Sjølv gamle menn kan få blod på tann. Som eg har sagt så mange gonger før: Det finst berre tre idrettar; skihihopping, skihopping og skihopping. All anna sport er supplerande trimaktivitetar er for folk som ikkje har mot til å starte med skihopping.

(Klikk på bilda for å åpne dei).