Her starta Toralf Engan sin store karriere

22.02.2023

Ein halvt attgrodd hoppbakke. Men likevel eit monument over ein epoke i norsk hopphistorie. Det var her Toralf Engan trente seg opp til å bli verdas beste.

På ein biltur nyleg, passerte eg Hølonda. Eg hadde med meg kjentmann. Han kunne fortelje litt av kvart om denne skogkledde bygda mellom Orkdalen og Gauldalen. Hølonda høyrer i dag til Melhus kommune.

Hølonda og idrettslaget Leik har fostra fleire store skiløparar. Dei mest kjende er skihopparen Toralf Engan, og langrennsløparane Magnar Estenstad, Oddvar Brå og Iver Jønland.

På turen frå Hovin til Svorkmo passerte vi barndomsheimen til Toralf Engan. Like ved ligg hoppbakken Granåsen, der han la grunnlaget for karrieren. Han vart verdsmeister i normalbakken i Zakopane i 1962. I OL i Innsbruck to år seinare vann Engan gull i stor bakke, og sølv i normalbakken. Han gjekk til topps i ei mengd andre store renn i løpet av sine aktive år. Vi kan m.a. nemne samanlagtseier i hoppuka 1962/63, og seier i Holmenkollen i 1962.

Har nokon eigentleg hoppa vakrare på ski enn det Engan gjorde? Eg tvilar. På sitt beste leverte han svev som var så estetisk fullkomne, at vi meir snakkar om kunst enn idrett. Hoppinteressert som eg alltid har vore, måtte eg ut av bilen for å fotografere Granåsen. Det var nesten som eg kjende meg på historisk grunn. Eg såg så for meg ein unggut i perfekt svev gjennom lufta, med hendene på baklomma, skiene samla og eit nydeleg telemarknedslag. Ja, slik var det.

På Trønderbladet sine nettsider les eg at Granåsen vart rydda i 1905, og brukt til skohopping frå 1910. I 1920 vart det arrangert fylkesrenn her, og etter ei ombygging i 1932 hovedkretsrenn. Da vart det sett bakkerekord på 46,5 meter. Seinare vart bakken ytterlegare oppgradert. Det skal ha vore gjennomført hopp på 65 meter i Granåsen.

No er det nok ei stund sidan siste nedslag vart gjort her. Til liks med bakkar over heile landet, ber Granåsen på Hølonda preg av forfall. Men minnet om stilhopparen Toralf Engan forfell ikkje. Det vil leve. For alltid.

No er det VM i Planica. Vil Halvor Egner Granerud greie å ta gull? Lukkast han, går han inn i ei eksklusiv gruppe av norske mannlege hopparar. Etter at det frå 1962 vart innført to hoppkonkurransar i VM, har Norge tatt åtte individuelle gull - fire i stor bakke og fire i liten bakke. I stor bakke har vi ikkje vunne sidan 17-åringen Tommy Ingebrigtsen på spektakulært vis tok VM-tittelen i 1995. Siste norske vinnar i normalbakke er Rune Velta, som vart verdsmeister i Falun i 2015.

På damesida har Maren Lundby tatt VM-gull for Norge to gonger. Ho vann i normalbakken i 2019, og gjekk til topps i stor bakke i 2021. Sjansane for norsk dameseier i Planica er absolutt til stades. Fleire på laget er gode nok til å vinne.

Norge er ein tradisjonsrik hoppnasjon. Men likevel: I moderne tid er vi slett ikkje grossistar i VM-titlar.