Varslingsplass og utsiktspunkt

09.06.2023

Eg har nettopp kome heim frå årets første fottur til Tæla. Det vart tre døgn i fjellet, for det meste med dårleg ver. Utan at det la nokon dempar på trivelsen.

Turen opp og ned liene gjekk om Haukarstokken. Det er her eg stort sett alltid har gått, heilt frå eg var gutungen. Stien frå Kvenndalen om Haukarstokken til Tæla er merka. Turen opp til Haukarstokken tar pluss/minus 25 minutt.

Så finst det også ein annan oppmerka sti til Tæla, etter at hyttenabo Bjarne la ned eit godt stykke arbeid med dette for eit par år sidan. Denne går ikkje om Haukarstokken, og følger den traseen vi meiner må vere den gamle kløvstien som dei brukte i tida med setring. Også her er det fint å gå.

Korleis finn du dei to merka rutene? Etter at du har gått over gangbrua på Hyllbakkan, kjem du til ei lita myr med tydeleg sti over. Nokså fort møter du den gamle stien som går til setrene inne i Kvenndalen. Ønsker du å gå om Haukarstokken, kryssar du denne stien og fortsett rett fram. Vil du heller gå kløvstien, tar du til venstre ved enden av den nemnte myra og går 50-60 meter etter seterstien. Så tar du av til høgre og følger Bjarne si merking opp lia.

Det var fint å kome til Haukarstokken igjen. Eg hadde ikkje vore der på snart to år. Namnet på plassen er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Om det var noko som stod på oppe på setra på Tæla, vart gjetaren, eller andre som var lette til beins, sendt hit for å varsle. Varslinga skjedde ved roping, eller hauking. Etter kva eg har fått fortalt, fungerte dette alarmsystemet.

Haukinga var også ein tradisjon som vart halden ved like lenge etter at setringa tok slutt. Da eg var gutunge, lærte eg at ein alltid skulle hauke frå Haukarstokken når ein var på tur til Tæla. Kor mange som driv på med dette i dag, veit eg ikkje. Sjølv må eg vel innrømme at eg ofte sett i ein liten hauk når eg stoppar opp for å nyte utsikta.

Og utsynet frå Haukarstokken er framifrå. Her ser ein Kvennbøen og store delar av Eidet, med breibygda lengst bak. Ja, det er verkeleg triveleg å puste på her.