Politikarane lærer visst aldri

02.07.2023

Ein del politikarar, overraskande mange, når eg tenker meg om, treng ikkje fiendar. Dei har nok med seg sjølve, og alt det trøbbelet dei steller i stand på eiga hand.

I enden av rekka med små og store skandalar, har to statsrådar i løpet av kort tid hamna i garnet på grunn av habilitetsrot. Den eine måtte stige ned frå taburetten. Den andre ser ut til å overleve, om ikkje kontrollkomiteen spar opp enda meir grums utover sommaren.

Ved inngangen til helga dukka Raudt-leiar Bjørnar Moxnes opp med ei sak, som vi vel ikkje har sett maken til før. Den enda med at han faktisk er nødt til å tole stempelet som butikktjuv. Det er ikkje til å tru.

Da Moxnes kom med den første versjonen av hendinga på Gardermoen, kunne det vere grunn til å la tvilen kome han til gode. Alle kan jo i farten gjere feil. Men så viste det seg at han hadde gjort den klassiske og typiske politikartabben med å fortelje berre halve sanninga. Ja, driven frå skanse til skanse porsjonerte han fakta (vi får tru at alt er kome fram no) i tre porsjonar. Det absurde teateret hadde altså ikkje berre ei akt, men tre. Etter at Raudt-leiaren hadde røpa handlinga i andre og tredje akt, var saka plutseleg langt meir alvorleg enn ei forgløyming.

Det er muleg at Moxnes har andre vanar enn eg når han er på handel. For eigen del brukar eg aldri å putte det eg skal kjøpe i lomma på veg til kassa. Men uavhengig av vanar, er det ein nokså spesiell prestasjon å gløyme det trass alt viktigaste du gjer på ein butikk, nemleg å betale for det du har plukka med deg frå hyllene.

Moxnes fortel altså at han plutseleg stod med eit par ubetalte solbriller i handa i avgangshallen på Gardermoen. I staden for å spurte tilbake til butikken for å ordne opp, slik dei fleste andre ville ha gjort, reiv han prislappen av brillene og gøymde dei i bagasjen. Denne elles så oppegåande mannen skuldar på panikk og at han vart livredd. Omsynet til partiet fekk han visstnok til å utføre den hovudlause handlinga, som gjorde han til tjuv.

Treaktaren til Bjørnar Moxnes gir, som teaterstykke flest, rom for tolkingar. Eg veit for min del kva eg trur på og ikkje trur på i denne saka. Slik er det sikkert med dei fleste andre også.

Ripa i Raudt-leiaren sin lakk er djup som ein avgrunn. No er det opp til partiet å avgjere om han får fortsette som leiar. Det er ikkje sikkert at Raudt kan halde seg med ein frontfigur som stel og talar usant. Om så partiet let nåde gå for rett, har Moxnes ingenting å gå på i framtida. Som ein ven av meg sa: Kjem det no fram berre noko så lite som at han ikkje har levert tilbake ei bok på biblioteket, er han ferdig.

Politikarar er berre menneske dei også. Men dei som sit i dei fremste posisjonane, må likevel finne seg i å ha ein mindre tabbekvote enn andre. Dei er t.d. nødt til å kunne habilitetsreglane, og bør nok definitivt halde seg unna nasking i butikkane – sjølv om tjuvgodset berre er eit par solbriller.

Det som eg ikkje sluttar å undre meg over, er at dei aldri lærer.