Sikra dobbelt gull i skoddehavet

27.02.2023

27. februar 1966, ein stad inne i den holmenkollske skoddeheimen, vart Bjørn Wirkola verdsmeister i stor bakke. Åtte dagar tidlegare vann han normalbakkerennet i Midstubakken. Saman med Gjermund Eggen, som tok tre langrennsgull i meisterskapet, vart Wirkola VM sin store forgrunnsfigur.

Medan skieliten i desse dagar kjempar om VM-titlar i Planica, dukkar mange minne om gamle dagar opp. Eg har sett utruleg mykje sport på TV opp gjennom åra, men VM i 1966 har ein heilt spesiell plass i minneboka mi. Som tiåring var eg allereie glødande interessert i idrett. Den store helten min var Bjørn Wirkola. At han vann begge renna i VM, gjorde eit sterkt og varig inntrykk.

Dei fleste øvingane i verdsmeisterskapet vart sendt på TV, ein del av dei i opptak ut på dagen. Forventningane til storbakkerennet i Holmenkollen, som før øvrig ikkje tillet meir enn 7-8 meter lengre hopp enn i Midtstua på den tida, var enorme. Da hallodama sette over til Holmenkollen, vart vi møtte av eit massivt skoddehav. Det var ein nedtur. Men renn vart det, og den rette hopparen vann.

Bildet over er klipt ut av Adresseavisen. «Slik hopper en verdensmester», skriv avisa i bildeteksten. Jau, Bjørn Wirkola var verkeleg ein stilhoppar. Han vann rennet framfor japanske Takashi Fujisawa. Svensken Kjell Sjöberg sikra seg bronsemedaljen.