Snart må du på antikvariat for å sjå eit julekort

22.12.2022

I dag fekk vi årets første julekort her i huset. Det kom ikkje eingong med posten. Eg ser ikkje bort frå at det også blir det siste denne jula.

Dei digitale plattformane har tatt over julehelsingane. Mest truleg vil det ikkje gå så veldig mange år før vi må oppsøke eit antikvariat for å sjå eit julekort.

For nå går det verkeleg nedover med julekorttradisjonen. I 2017 sendt vi nordmenn 10 millionar kort. No er 70 prosent av desse borte. I år reknar Posten med å handtere 3,3 millionar julekort.

Fleire enn eg vil nok minnast oppveksten, og den forventninga som bygde seg opp gjennom adventsvekene. Når dei første julekorta dukka opp i postkassen, kunne ein kjenne på ei gryande julestemninga. Korta var liksom handfaste på bevis at det verkeleg nærma seg jul.

Førjulsstemning vart det også når lærarinna vår uti desember begynte å sette av timar til julekortteikning. For dagens ekspertise framstår vel dette som pedagogiske steinalderfakter. Det får no så vere. Eg trur dei aller fleste i klassen hadde glede av teikninga. Ein skal ikkje undervurdere den læringa som låg i desse timane.

Det var heller ikkje snakk om nokon småskalaproduksjon. Tvert om. Vi var over tjue i klassen, og alle skulle ha kort. I tillegg kom slekt og vener.

Ein snapchat eller ei melding har ikkje same evne til å skape julestemning som eit fysisk kort. Det er meir sjel i ei handskriven helsing. Dei tradisjonelle julekorta var ofte også små kunstverk, med motiv som gjerne var utført av kjente teiknarar. Både motivet og den personelege helsinga gjorde noko med mottakaren. 

Men når alt skal vere effektivt og gå fort, blir slike ting uvesentlege. Vi lever i ei digital tid. Utviklinga kan ikkje reverserast. Tida da postbudet var forseinka på grunn av den store mengda med julekort og annan julepost, vil aldri bli noko meir enn eit stadig fjernare minne.

Nedanfor finn du eit galleri med gamle julekort, som du kan kose deg med. Klikk på bilda for å sjå dei i fullt format.