Storflaum i Rindal - ordføraren trossa naturkreftene

18.01.2023

Det går mange historier om den legendariske ordføraren i Rindal, Nils O. Aune. Han var noko for seg sjølv, både som politikar og menneske.

Nokså typisk for Aune er ei historie frå januar 1957, da Rindal vart råka av ein storflaum. Elva Bulu fann seg nytt leie og reiv ut 100 meter av riksvegen.

Samtidig med at dette skjedde, var det skulestyremøte i Rindal. Nils O. Aune var kjent for aldri å skulke møta han var innkalla til. Flaum og uframkommeleg veg skulle ikkje stoppe han denne gongen heller. Frå Tidens Krav 10. januar 1957 saksar vi:

«Ordfører Nils Aune lot seg ikke stanse av den uframkommelige veien. Han ville nødig skulke unna skolestyremøtet, tok derfor på seg digre støvler for å legge i vei til fots opp Børsetliene. Ordføreren er kjentmann på disse traktene, og for å komme fram, måtte han bl.a. over en ku-bru. Men Aune fant en annen utvei. Uten å bry seg om den strie elva og den glatte riksveien, vadet han den 100 meter lange strekningen. - Men jeg måtte bytte om på føttene, for vannet gikk langt over støvlene, fortalte han til TK igår kveld».

Politikarar som hadde støtt på så store vanskar i dag, ville nok ha meldt forfall. Men slikt låg altså ikkje for Nils O. Aune.

Sterke naturkrefter var i sving i Rindal. Bulu tok seg nytt leie over riksvegen mellom brua og tre småbruk. Fleire meter høge og stri vassmassar og store isflak på den glatte vegen gjorde slutt på vegsambandet mellom Rindal og Surnadal. Sørgåande Mørelinje kom ikkje lenger enn til Bolme, og morgonruta frå Surnadal til Trondheim måtte stoppe ved Aune.

Tidens Krav fortel om eit krevjande, og ikkje ufarleg, arbeid for få opna vegen. Ein veghøvel måtte raskt gi opp, da den strie elva trua med å velte maskina. Avisa skriv:

«Under ledelse av veioppsynsmann Husby begynte et tallrikt mannskap iført fiskerstøvler med isbrodder et nokså farlig arbeid for å få situasjonen under kontroll. Karene måtte sikres med tau for at ikke den lunefulle elva skulle dra avgårde med dem».

Det vart etter kvart brukt dynamitt for å sprenge bort isen.

Det var heller ikkje berre trafikken som vart ramma av den stengte vegen. Ei kvinne frå Stangvik, som skulle til Rindal for å føde, kom seg ikkje til fødestua. Ho måtte dra heim igjen, og få hjelp av jordmor der ho kom i frå.

Også andre vegar på Nordmøre vart skadde av flaum dette døgnet. Men verst var det i Rindal. 11. januar kunne Tidens Krav meld at alle vegar på Nordmøre igjen var farbare.

Les også: Urkrafta frå Rindal fekk Kongens fortenstmedalje i gull