Alt er visst lov no for tida

14.07.2023

For ei tid sidan la eg ut eit bilde av eit par grøne sko her på Skrivemaskineriet Vebju. Eg kjøpte dei i naud, og i all hast, kvelden før avgang til Kreta i 2018.

Grøne sko har aldri vore min stil. Men eg måtte altså til pers, fordi desse grøne var det einaste sommarskoparet som var å oppdrive i Ålesund denne haustkvelden. Eg skal ikkje seie at det miserable skokjøpet la nokon dempar på turen. Langt i frå. Men eg likte dei ikkje. Likevel sleit eg dei ut, som den nøysame mannen eg er.

Denne veka var vi på oslotur. På toget frå flyplassen til byen gjorde Mette meg merksam på tre karar som sat like ved oss. Eg forstod ikkje kva ho meinte med ein gong. Men så såg eg det. Den eine hadde grøne sko. Og ikkje nok med det. Dei to andre sat og breia seg med blått og raudt skotøy. For ei fargerikt skofellesskap! Plutseleg kjende eg meg som ein umoderne einstøing, der eg sat med mine svarte joggesko.

Eg kunne ikkje gjere meir ut av saka der og da. Å starte ein samtale med framande menneske om skorne deira, ville vere i drygaste laget. I staden datt det ned i meg at når eg kom heim, så måtte eg finne noko høveleg å legge ut på Vebju. Derfor sette eg reint tilfeldig telefonen på høgkant på låret, såg fråverande ut i lufta, og trykte diskret på fotoavløysaren.

Ingen merka noko. Lukkeleg uvitande om at føtene deira var på veg ut på verdsveven, forlet dei tre karane toget utan å ofre så mykje som eit blikk på paparazzoen i svarte joggesko. Med andre ord: Snikfotograferinga var profesjonelt utført.

Så har altså grøne sko kome på moten igjen. Om eit par månadar set vi kursen for Kreta. Eg treng nye sko. Må eg verkeleg velje grønt? Eller raudt? Ja, blått er tydelegvis også eit alternativ. Alt er visst lov no for tida. Eg veit ikkje heilt kva det blir til.

Det gjeld jo å følge med på trendane også. Kanskje spesielt når ein begynner å dra på åra. Livet er ikkje enkelt.