Nytt sterkt album frå Per Aarsund

14.06.2023

Den aldri kvilande visesnekkaren frå Straumsnes, Per Aarsund, er straks ute med eit nytt album. Plata «Lykkeland» blir sleppt etter ferien. Det er ikkje lenger enn sidan oktober i fjor at Aarsund ga ut albumet «Visa om livet».

Skrivemaskineriet Vebju har fått «tjuvlytte» til songane på den nye plata. Ho inneheld ti songar, der meiningsfylte tekster er eit av dei berande elementa. Medan «Visa om livet» var ei heilakustisk plate, er «Lykkeland» meir rocka i uttrykket. Aarsund har spela inn albumet i Nidaros studio saman med Skjalg Raaen, Morten Skaget og Steinar Krokstad, som også er produsent.

Eg har lyst til å trekke fram arrangementa på «Lykkeland». Dei er gjort med musikalsk fingerspitzgefühl, og står veldig godt til tekstene. Eit eksempel på dette er songen «På flukt fra despoten», der arrangementet bidrar til å forsterke ein tidsaktuell tekst.

Per Aarsund produserer songar i et imponerande høgt tempo. Vi kan slå fast at kvantitet og høg kvalitet går hand i hand. «Lykkeland» er rett og slett godt handverk, som fortener å nå ut til mange.

Det nye albumet blir tilgjengeleg på vinyl og nett.

Les også:

Album nummer seks frå visesnekkaren i Straumsmes

Visevenn i juni