Album nummer seks frå visesnekkaren i Straumsnes

25.09.2022

Vi lever i ei tid der krisene står i kø. Midt oppe i alt dette dystre, er Per Aarsund frå Straumsnes klar med sitt sjette album, «Visa om livet». Dato for platesleppet er 14. oktober.

Per Aarsund, som omtalar seg sjølv som «visesnekkar», er opptatt av dei nære tinga. Eg vil tru at mange kan finne både kraft og glede i tekstene, som ligg så befriande langt unna storpolitikken og krigen.

- Eg likar at tekstene har ein bodskap og at folk kanskje kan kjenne seg igjen i orda mine, seier han sjølv.

Fleire av songane har ei lokalhistorisk forankring. Eg beit meg spesielt merke i songen om Johan Fredrik Øvrevik, som i mange år var distriktslege på ytre Nordmøre. Eg møtte han aldri. Men bestemor mi i Bøfjorden snakka av og til om denne legendariske doktoren, som til og med opererte folk på kjøkkenbordet. Når bestemor omtala Øvrevik, skjedde det med respekt og ærefrykt.

I andre viser skriv Aarsund om båtbyggar Håkon, gale despotar, folk rundt eit leirbål ei kald natt og ei godnattvise til trøst for den som ikkje får sove, for å nemne nokre. Plata har i alt 11 spor.

Musikken til Per Aarsund er upretensiøs og lett tilgjengeleg. Han skriv gode melodiar, som passar godt til tekstene. Sjangermessig kjem vel dette i båsen for viser. Men her er det også tydelege innslag av country.

«Visa om livet» er ei heilakustisk plate. Medverkande musikarar er Per Aasund (vokal, munnspel, tekst og melodi), Tommy Haltbakk (bass, dobro, banjo, gitar og miks) og Øyvind Smidt (fele og mandolin). Plata kan du skaffe seg både digitalt og på CD. Utgivar er Touchdown AS i Trondheim.

Eg kan ikkje skjøne anna enn at Per Aarsund er den mest produktive musikaren på Nordmøre. Han er ein ekte kulturarbeidar, solid forankra i lokalmiljøet sitt. Eg håpar at mange vil låne øyret til denne plata - både på grunn av dei musikalske kvalitetane, og fordi opphavsmannen fortener det. Vi må ta vare på slike som Per Aarsund.