«Røysta» ville ha fylt 90 år

25.04.2023

25. april ville sjølvaste «Røysta» i NRK, Herbjørn Sørebø, ha fylt 90 år.

Politiske journalistar og kommentatorar kjem og går. Blant dei mange som har flagra forbi opp gjennom åra, står Herbjørn Sørebø som ein ruvande bauta. Da NRK etter kvart endra seg frå servil statskanal til ein moderne og uavhengig redaksjon, var det Sørebø som gjekk i spissen for omlegginga.

Sørebø, som var født i Fjaler i Sunnfjord, starta den journalistiske karrieren sin i avisa i Firdanytt i 1952. Seinare arbeidde han i Norsk Barneblad (1954-1956) og avisa Vårt land (1956-1964). Han starta i NRK i 1964, først som stortingsmedarbeidar i radioen, før han gjekk over til fjernsynet.

I perioden 1972–1988 var Sørebø leiar for den innanrikspolitiske avdelinga i NRK og han var sjef for NRK Dagsrevyen i åra 1988–1990. Men det var som operativ politisk journalist og kommentator han verkeleg sette spor etter seg. Sørebø var kunnskapsrik og hardtslåande. Han og Lars Jacob Krogh var eit legendarisk radarpar, som ikkje kvidde seg for å stille kritiske spørsmål til politikarane. I fjernsynet sine unge år var ikkje dette berre populært, verken blant politikarane eller sjefane i NRK.

Det blir sagt om Herbjørn Sørebø at han hadde ein svært stor arbeidskapasitet. Boka «Medieliv» (2003), der Sørebø oppsummerer livet sitt som journalist, gir eit fascinerande innblikk i ein arbeidskvardag som i realiteten handla om å vere parat 24 timar i døgnet. Arbeidstida var ikkje bestemt av tariffavtalar og arbeidsmiljølov. Å vere til stades der og når det skjedde, var overordna alt anna. Sørebø sa det ein gong slik: Som journalist går ein aldri i fred for hendingar.

Arbeidskapasiteten kjem også til uttrykk gjennom ein omfattande bibliografi. Sørebø ga ut nesten 50 bøker. Forfattarskapen var allsidig, og omfattar mellom anna biografiar, humorbøker, diktsamlingar, viser, reiseskildringar, aforismesamlingar, noveller og kriminalromanar.

For ein som har fuska i faget sjøv, er det interessant å sette seg inn i liv og levnet til karar som Sørebø. Dei journalistiske grunnprinsippa er dei same, enten du plaskar i den lokaljournalistiske andedammen eller fotfølger dei som styrer landet. Men i det praktiske er dette likevel spel i to heilt ulike divisjonar.

Det har gått eit kvart århundre sidan Sørebø slo av mikrofonen for siste gong. I løpet av desse åra har medieverda endra seg kolossalt. Kva han, Lars Jacob Krogh og andre av deira samtidige ville ha sagt om dagens journalistikk, kan vi ikkje vite. Eg trur kanskje dei ville ha vore meir imponerte over teknologien enn innhaldet. Overskrifter som «Se hvem som var på byen i går kveld» var liksom ikkje i deira ånd.

Herbjørn Sørebø fekk Kringkastingsprisen i 1982, Vinjeprisen frå Riksfondet for nynorsk presse i 1987 og Kongens fortenstmedalje i gull berre nokre dagar før han døydde i 2003.