«Eg ser at du er frå Utigard»

06.02.2023

Ein gong i oppveksten fekk eg høyre dette frå Magnar (Åsa) Holten, da eg ein vinterdag trefte han utanfor Eidet samvirkelag.

Litt overraska spurde eg kva det var han såg. «Du brukar ikkje vottar», var svaret. Ikkje visste eg at dette var så spesielt for oss som kom frå Utigard. Men ifølge Magnar var mangelen på vottar typisk også for mine forfedrar. Kanskje hadde han rett. Eg veit ikkje. Ja, det er no ikkje så farleg med det, heller.

Observasjonen til Magnar var nok ikkje heilt tilfeldig. I barneåra og ungdommen likte eg ikkje å bruke verken vottar eller lue. Men kaldt som det ofte var på den tida, måtte eg mange dagar krype til korset. Det høyrer med til historia at eg berre i naudsfall dro topplua ned over ørene. Helst gjekk eg med ho høgt oppe på hovudet - akkurat som mitt faderlege opphav.

Her på Røros er vinteren lik dei eg opplevde i barndommen. Det er kaldt, kvitt og det knirkar under skoa. Lue og vottar er obligatorisk, om ein skal ferdast utandørs. Stillongsen må også på. Det kan eg seie, fordi eg veit korleis det er å gå ned til sentrum utan på ein bitande kald kveld.

Stillongs har heller aldri vore min favoritt. Det førte til at eg under ski-NM i Rindal i 1979 gjekk på ein kjempesmell. Eg skulle dekke stafetten, og plasserte meg strategisk i ein snøskavl eit stykke ute i løypa for å ta bilde. Utan stillongs. Temperaturen var rundt tjue minus. Eg gløymer det aldri.

Det er lenge sidan bemerkninga til Magnar Åsa fall no. Kanskje måtte det ei rehabilitering på Røros til, 50-60 år seinare, før eg forstod at vinteren må takast på alvor. Også i klesvegen.