Kulturminne utanfor allfarveg

29.05.2023

På ein biltur 1. pinsedag, passerte vi Solemdal vassag. Ho ligg vest for Kortgarden på sørsida av Fannefjorden, rett imot Hjelset på andre sida. For å passere saga, må ein køyre grusvegen langs fjorden ut til det gamle ferjeleiet på Grønnes.

Eg tok eit bilde, og fatta interesse for byggverket, som jo osar av historie. Og eit historisk anlegg er dette. Etter nokre søk på nettet, finn eg ut at saga vart reist allereie i 1905. På dette tidspunktet stod det to andre vassager i same område.

Solemdal vassag er bygd med sirkelsagblad. Den har to sagbenkar og to sagblad på same aksel. Saga er driven av eit overfallsvasshjul med kraftutveksling og reimer til å rotere akselen med sagblada.

Tømmeret vart frakta til saga med hest og slede, seinare med traktor. Solemdal vassag var i bruk med vasshjul fram til 1960. Deretter vart det tjue års drift med traktor.

Saga vart hardt skadd av store snømengder i 1995. Det vart da starta ei venneforening, som skulle arbeide for gjenreising av anlegget. Eit stort dugnadsarbeid vart gjennomført gjennom ein lang periode. I august 2013 vart arbeidet krona med offisiell opning og saging.

Solemdal vassag fek i 2015 status som verneverdig kulturminne.