Prolog til Nordmørskvelden i Surnadal

22.01.2023

Under Smånytt vart det nyleg lagt ut stoff frå ein Nordmørskveld i Surnadal i 1933. Kvelden vart overført på radio. Ein del av programmet var prologen til Peder Hals, som vart gjengitt i Tidens Krav 17. januar 1933. Vi legg den ut her på Skrivemaskineriet Vebju også. «Mektig og stemningsfull», skreiv Tidens Krav. Det er ikkje vanskeleg å vere einig.

Frå Smøla og til Trondheims pik
med tårn og tindar haust
frå Tussen vest ved Svanavik
til Fonnafjell i aust,
frå Veidholm og til Snotabreen
frå Grip til Rindals Helgetun
frå Kvitholm fyr til Gruvevold
og Grytekoll -
ja innom desse grensor her
vårt kjære Nordmør er.

Frå havet er det audt å sjå,
men underleg i dimme blå
det lokkar deg, og du må inn
og voner vaknar i ditt sinn

Og Nordmørs eigen kjære stad
på øyar tri ved sund og svad
med hamn og heim, du først får sjå,
Den vakre by deg gleda må.
Der president Christi si vogga var,
og minnet hans byen heidra har.
Og storhøgtid bli det i byen vår
i to og førti og jubelår.
Da Fosna-namne han visst atter får
da bruene står over sunda spent
gjer byen namnspurd og kjent.
Byen sitt våpen er laks i foss
styrke det tyder,
men no det lyder:
Vi, vi treng byen og byen treng oss,
ved samhald og samråd og som einte verk
Nordmør og Kristiansund skal bli sterk.

No bilferga Gaute ligg kvit og tilrei
er snart på ferda om fagre Frei,
ein avgild tur ifrå Kristiansund,
legg inn åt Kvisvik på Straumsnes grunn,
Der stig vi i land og stansar ei stund.

Du veit kan hende i austleg lei
er Tustna, Stabben og Ertvåg øy:
Og Aure og Stemshaug, fint og raus
ligg lengst i aust.

Og rett imot nord
over Edøy-fjord
ligg Smøla, forunderleg flat som eit hav
som «Ny jord» vil gjera eit åkerland av.

Du vender deg og i vest du ser
Averøya så brei og svær
Der Bremsnes, Kvernes og Kornstad er.
Og rundt omkring er det vakkert der
Stavkyrkja på Kvernes er sjåand i sær.
Og så Eide med væne Vevang ytst
med sin sermerkte kyst.
Og så Varde i Bremsnes med skule og fest
gildt der for ungdom og framand gjest.

Men så, ja så gjenom Straumsnes du
det er ei fin lita bygd, kan du tru
Austlandsk å sjå til med skogås og li
har tredive vatn og spegla seg i.
Og Edvard Langset, her gjekk han og drøymde,
å verna det heimlege aldri han gløymde.

Frå Liabø der er eit malerisk syn,
du Halsa ser under Blåfjells bryn
Og Åsgardsbygda du skimtar så vidt,
ho ligg der nedunder Hjelmen så blidt.

Der fjelli aust for synet stenge
ligg Vågland, Valsøyfjord og Enge.

Men lenger - og atter du vender deg må
mot vest. Du Øre og Gjemnes får sjå.
John Neergård si baut på Øre fekk stå
Og Aspa - var erkebisp Gaute ifrå
Og så gjenom Tingvoll, det orfagre rike
med eldgamle kyrkja som søkjer sin like.
Og dit ein dag sjølve kongen kom,
og såg seg om.

No ber det sudover på susande bil,
der møtest det elvrike Stangvik sitt smil.
Og lenger inn
du Todalen finn.
Og der har Leiv Halse lagt øyra att åt
og lært seg den ekte nordmørske låt.

Frå Ålvundfjord og frå Alvundfoss
vi opøver Ålvundeid skundar oss.
Du Innerdal, herleg og mektig, lyt sjå
ja dit op du må!
Kjem nedatt til Opdøl, og ser over fjord
til Øksendal, open og brei og stor.
Du ser op i dalen ein bautastein,
Eit æreminne for Jonas Rein.

Til Sunndalen så, og det ber i berg,
det grøsser kanhende i innerste merg.
Du ser den stupande veldige vegg,
med taggar og tender og knivkvass egg -
Og der er det namngjetne Auraanlegg.

Du kjenner deg liten i slik natur
og aldri du gløymer ein Sunndalstur.
Dei mangt lyt opleva som herinne bur
når Driva, elva, storflaum driv
og fonnagasten han rasar og riv.

Men no bør du koma deg op i eit fly
og styva tilvers, høgt op i sky.
Vestover Grøa og Gruvedal
over tinder og skar i hundratal,
og blenkjande vatn som sylv og krystal,
ein fjellheim, vidunderleg, sjeldan å finne.
På setre, i hyttor å kvila herinne
gi herlegste sumarminne.

Så gjer du mot aust att en veldig sving
for auga syner seg store ting.
Med kurs over Snota som stig i det blå
du Trollheimen, Vindal og Folldal får sjå.
Og Rindal, den gode bygda, får nå.

Og nedover Surnadal, kjennes deg fegen
at snart du får fare Nordmarkvegen.
Men no lyt du stansa på Skei
og helsa på Surndølen, røsleg og grei
høgskulen gjeste
få deg ei feststund,
det er det beste.
Og setja deg ned å lya vel
på Hyldbakkens harpespel. -

Her ætt etter ætt frå forntid grå
op til den dag som vi fekk sjå
lar Nordmørfolket, streve, stridd
og har i harde tider lidd.
Og her i den danske futetid
var det bondestrid
og bondemot -
spør Halvdan Koht.
Men fram det gjekk frå år til år
så op og ned
i strid, i fred
mot betre kår.
Om tungt og hardbart enn det var
med tolugt mot dei mykje bar,
di meire sårt dei nøddest
di sterkare der gløddest
op for den heim som her den fann
for heilt og fullt å verna han
og få han ljos, og god og blid
og sjølve seg og ætta si.

Og fer du gjenom denne bolk
av Norigs land,
du finn eit strevsamt, trofast folk
som bu og byggja kan.
Ja kvar du kjem du noko finn
som dreg deg åt seg inn.