Unge eidsbygger samla til 20-årsjubileum

21.04.2023

I dag er ikkje foreninga meir. Men i 1981 var det stor aktivitet i yngreslaget på Eidet, der eg vaks opp. Bildet er henta frå Tidens Krav si utgåve for 27. april 1981, da avisa hadde ein omtale av laget sitt 20-årsjubileum.

Foreninga vart stifta heime i Utigard Kvennbø 24. april 1961, og het opprinneleg Vassbottenlaget «Vårvon». Den første formannen var bestemor mi, Berta Øye. På stiftingsmøtet vart Anna J. Holten frå Austerholten vald til nestformann. Som namnet fortel, var formålet med foreninga å samle inn pengar til Indremisjonen sin leirstad Vassbotten i Straumsnes.

Om eg hugsar det aller første møtet, kan eg ikkje seie for sikkert. Eg var berre fem år. Men eg har klåre minne om at det vart halde møte i stua heime, der ungdom frå Eidet samlast og m.a. dreiv med fletting av peddig. Produkta vart gevinstar til den årlege «Vassbottenbasaren» på bedehuset.

Eldsjela Ragnhild Mikkelsen tok over leiinga av laget i 1966. På denne tida vart også eg med i foreninga. Møta vart haldne på kjøkkenet i det gamle bedehuset. Medlemstalet var høgt, og entusiasmen like eins. Det var eit trygt og triveleg miljø.

I 1981, da laget markerte 20-årsjubileum, hadde namnet vorte endra frå vassbottenforening til yngreslag. På dette tidspunktet var 17 barn og unge frå Eidet medlemmar. På jubileumsfesten var den første nestleiaren, Anna J. Holten, til stades. Også Guro Sande Bondevik frå indremisjonskretsen, som deltok i Utigard på stiftingsmøtet i 1961, var med på 20-årsfeiringa.

I dag har vel alle borna vi ser på bildet passert femti år. Eg vil eg tru dei ser tilbake på tida i yngreslaget med glede. Når eg eg treffer jamaldringar frå Eidet, hender det enno at samtalen dreier inn på vassbottenmøta og artigheita i det gamle bedehuskjøkkenet. Ragnhild kunne verkeleg dette med å skape trivsel.

Det siste møtet i yngreslaget på Eidet vart halde på Austerholten 12. mars 1997. Du kan lese meir om både denne og andre foreningar på Eidet i boka «Under Skarfjellet 3».