Laksefestival for siste gong – og Sagatun var gjeldfritt

07.08.2023

Den opprinnelege laksefestivalen i Surnadal høyrer ei fjern fortid til. Den første helga i august 1973 kunne arrangørane notere nok ein suksess.

Dette skulle også bli den siste festivalen, etter at det heile starta i 1968. Bakgrunnen for oppstarten av tiltaket, var at forsamlingshuset Sagatun trengte pengar for å betale ei gjeld på 130.000 kroner.

Av reportasjen i Tidens Krav går det fram at laksefestivalane hadde gitt eit gjennomsnittleg inntekt på 35.000 kroner. Inntekta vart delt mellom Sagatun og Øvre Surnadal idrettslag. Allereie etter festivalen i 1972 var forsamlingshuset gjeldfritt.

Harald Fugelsøy frå Øvre Surnadal vart laksekonge for femti år sidan. Han dro rett etter at startskotet hadde gått i land ein fisk på 5.750 kg. Seinare i konkurransen fekk han noko småfisk, som til saman ga 6.200 gram. Gudrun Nilsen, Rensvik, vann dameklassa med 110 gram, og Geir Ove Bostrøm, Surnadal, juniorklassa med 160 gram.