Festivalar med storliv og kåring av laksekongar

08.08.2022

Laksefestivalen var ei tid ein institusjon i Surnadal. Ikkje anna enn eg har klart å finne ut, vart det vi kan kalle den opprinnelege laksefestivalen i Surnadal avvikla i åra 1968-1973.

Når eg brukar desse årstala, støttar eg meg på Tidens Krav som kjelde. Skulle folk med betre lokalkunnskap ha andre opplysningar, så ta gjerne kontakt, slik at denne artikkelen blir korrekt.

Bakgrunnen for oppstarten av festivalen, var at forsamlingshuset Sagatun trengte pengar for å betale ei gjeld på 130.000 kroner. Dette var mykje pengar på den tida. I dag tilsvarar beløpet rundt 1,2 millionar kroner.

Laksefestivalen vart ein stor suksess. Etter arrangementet i 1972, som ga eit økonomisk resultat på heile 50.000 kroner, kunne Tidens Krav melde at at gjelda var nedbetalt. Avisa trudde at det dermed var slutt for festivalen. Men det vart altså ein til - om avisa har rett.

I 1968 inngjekk arrangørane avtale med Trollheim kraftverk om at dei skulle sleppe ut vatn frå magasina i Folldalen, og så stenge av i passande tid før festivalen. Med elva på tur ned, ville det oppstå «enestående fiskemuligheter», som det står i avisomtalen.

Arrangørane venta 400 overnattingsgjestar på teltplassen i 1968. Det skulle vise seg å bli full klaff for den første festivalen. Laurdag kveld var mellom 1.200 og 1.300 menneske innom festivalområdet. Suveren vinnar av fiskekonkurransen vart Ola T. Skjermo, med ein fangst på 5.930 gram. Han vart dermed den første laksekongen.

I 1973 var programmet storstilt, med dansemusikk av dei kjente trønderorkestra Celcius og Aalmens. Rosinen i pølsa var Terje Fjærns orkester, som bidro med både sommarshow og musikk til dansen.

Slik som vanleg er under slike festivalar, var det ikkje alle som greidde overhalde vanlege reglar for ro og orden. Etter festivalen i 1973 fortalde Tidens Krav om «en gymnasiast fra indre Nordmøre», som fekk ei bot på 200 kroner for å ha slått ein annan festivaldeltakar i hovudet med ei teltstong. I tillegg ødela han ein bil for nesten fem hundre kroner. «Ved siden av bot må ungdommen også betale erstatning, så det ble ingen billig laksefestival», heiter det i avisa sin rapport.

Les også: Eit glimt frå den store festivaltida