Eit glimt frå den store festivaltida

11.07.2022

Dagar, helger og festivalar. Fenomenet er vel ikkje heilt utdøydd på bygdene, men aktiviteten er langt frå den same som for nokre tiår sidan.

I Tidens Krav for 17. juli 1972 dukkar det opp ein omtale av Todalshelga. Todalshelga var store greier på den tida. Folk frå eit vidt omland reiste inn til Todalen for å få ei festleg helg. Regn og snø langt ned i fjella, som kunne inntreffe, var inga hindring.

Todalshelga starta etter fredag kveld, med fiskekonkurranse som fast innslag. Så gjekk det slag i slag laurdag og søndag med varierte programinnslag. Eit høgdepunkt var fotballturneringa.

I 1968, da Todalen idrettslag fylte 60 år, var Melhus blant dei gjestande laga. Dei hadde storhopparane Bjørn Wirkola og Lars Grini med på laget. Det var mykje folk i Todalen denne helga. Alle ville ha eit glimt av hoppstjernene.

Sjølv vart eg aldri blant dei ivrigaste festivaldeltakarane. Men mange var dei som i desse åra dyrka langhelger med utagerande teltliv og andre avanserte fråspark i ymse former.

På bildemontasjen ser vi øvst til venstre Knut Halset med fangsten. Til høgre kan Anton Brusethaug vise fram ein fin torsk. Nede til venstre er vinnaren frå 191, Narve Talgø i aksjon. Fiskaren til høgre for han er Ola Bruset.

Av referatet i Tidens Krav går det fram at Knut Halset vann vaksenklassen med ein fangst på 2,7 kilo. Med ein fisk på eitt kilo sikra Per Ørsal førsteplassen i klassen for born.