Attgroinga tar knekken på opne kulturlandskap

19.07.2023

Gamle kulturlandskap gror att. Frå hytta kan vi med eigne augo sjå korleis den opne Kvennbøtæla sakte, men veldig sikkert, endrar karakter.

Mest synleg er attgroinga på og rundt seterstølen. Hadde ikkje eg og Mette bruka så mykje tid på å fjerne kratt og å rive opp rognskot, ville stølen i dag ha vore attgrodd. Utviklinga er markant, og det er påfallande korleis ho har eksplodert dei siste fem – seks åra.

Eg har hatt hytte på Tæla sidan 1992. Før 2010 var attgroing i fjellet sjeldan eller aldri samtaleemne. Sjølvsagt vaks det til kratt og busker her og der før i tida også. Men det var ikkje noko å bry seg om. Meinte vi da. No er situasjonen heilt annleis. Småbjørka kryp nådelaust oppover frå skogholtet nede ved Fossåa i ein urovekkande fart. Rogna skyt opp overalt. Ho veks glatt ein meter i løpet av ein sommar.

Stølen skal vi alltids klare å halde nokonlunde open så lenge vi er hytteeigarar på Tæla. Men landskapet innover frå hytta er det verre med. Når eg vandrar rundt i dette terrenget, og ser på frammarsjen til bjørk, rogn og anna kratt, har eg meir enn ein gong spurt med sjølv: Korleis ser det ut her om nokre tiår? Vil det vere framkommeleg på sommars dag? Eg vil helst ikkje tenke på kva som er svaret.

Attgroinga har ofte vore forklart med at beitedyra forsvann. Fråveret av beitedyr er ein del av årsaka. Men hovudgrunnen til den aukande attgroinga er klimaendringane. I dag veks det opp ny skog, også på stadar der beitedyr aldri har sett sin fot.

VG publiserte nyleg ein reportasje om ein sauebonde i Etne. Lars Kjetil Flesland har levd tett på naturen, og har gjort ver- og klimaobservasjonar i førti år. Han fortel om eit kulturlandskap som dei siste ti åra har endra seg dramatisk. Dette har skjedd, til tross for at beitinga i området har vore uendra siden 1970-talet.

Beitedyr er altså ikkje nok til å bekjempe attgroinga. Sterke, menneskeskapte krefter er i sving. Norge har vorte 1,9 grader varmare sidan 60-talet. I Surnadal, der Kvennbøtæla ligg, er temperaturstigninga på 1,3 grader i dette tidsrommet. Innlandskommunar som Gausdal og Jevnaker er tre grader varmare enn på 60-talet.

Parallelt med at kratt og småskog boltrar seg i det som fram til no har vore opne landskap, kryp tregrensa oppover. Den som fer i fjellet, kan observere dette med sjølvsyn. I dag stig tregrensa inntil ein meter i året, opplyser Anders Bryn ved Naturhistorisk Museum i VG sin reportasje. Ettersom bruken av naturen har endra seg, vil truleg tregrensa sitt tempo opp fjellsidene auke til meir enn dagens årlege meter. No står tregrensa på kanten av dei store viddene, som etter kvart risikerer å bli dekte av skog. Det er eit dystert scenario.

Vi er på veg frå opne landskap til jungel.

Oppe på Tæla skal innsatsen for å redde det vesle kulturlandskapet som er vårt halde fram også denne sommaren. Kanskje er det ein kamp mot vindmøller. Men arbeidet gir likevel meining. Det er jo slik at ingen kan gjere alt, men alle kan og må gjere litt. Så får vi sjå om politikarane tar klimautfordringane på alvor, før det er for seint. 

Sauebonden frå Etne ønsker seg meir handling for å begrense dei raske klimaendringane. - Vi brenn ikkje opp, som dei gjer i California. Eller tørkar opp som dei gjer i Spania - ikkje med det første. Vi kan greie å tilpasse oss. Men ikkje hvis endringane skjer for raskt, seier Lars Kjetil Flesland, som er open for meir naturinngrep, som vindturbinar og kraftkablar, for å få fart på det grøne skiftet.

- Vi ser kva som skjer, seier han.

Ja, det er akkurat det vi gjer. Om vi vil sjå.