Kleivakongen strekte ut handa til Kristiansund

07.03.2023

Samferdsel og forholdet mellom by og land har i lange tider prega den offentlege debatten på Nordmøre. Det har vore mykje krangel og motsetnader. Men også forsonande røyster har latt høyre frå seg.

13. mai 1963, altså for seksti år sidan, dukka det opp eit innlegg i Tidens Krav, signert hans Hyldbakk. Artikkelen hadde overskrifta «Flyplassen for Kristiansund og Nordmøre». Her tek Kleivakongen til orde for at ein ny flyplass for Nordmøre må leggast til Kristiansund, da «det må vera ei naturleg løysing at dei som ikkje har anna landverts samband med fastlandet og som arbeider for tunellar under Freifjorden får flyplassen på Kvernberget».

Innlegget til Hans Hyldbakk hadde slik ordlyd:

På åremålsdagen min den 8. mai for eg med bussen frå Molde utover Nordlandet til Kristiansund. Det var vakkert der i «Rosenes by» med den kvite fjellgarden i horisonten i sør. Men ingenting er så vakkert som å reise utover Nordlandet når bjørk og rogn lyser mot deg i bergsprungene med minning om ein ny sommar. Kor kjært og dyrverdigt er ikkje kvart grasstrået her mellom dei verslitne bergknausane. Og alt som heiter for mold og jord blir teke vare på med kjærlege hender. Vi har så lett for å vanvøre denne naturen vi som bur innpå bygdene, der vegetasjonen er rikare og livet meir grøderikt. Men den som ikkje kjenner seg varm kring hjarterøtene når han ser denne karrige naturen der ute ved kysten - ja ser, korleis livet bryt seg fram og tøyer seg veg mellom myr og morener der ute ved vesterhavet, han er ingen nordmøring. Han er todaling, tingvollgjelling, sunndaling eller surndaling. Men er utan historisk kjensle for det livet som batt by og bygd saman gjennom hundreåra, den tida dei gamle gjorde «Fosna-reis».

Det blir i dag skrive så mykje om dette sambandet mellom by og land, og serleg no når flyplassen skal plasserast her på Nordmøre. Personleg skulle eg gjerne ha sett at denne flyplassen vart lagt hit til Kleiva. Stor aksjonsradius her attafor Kobbhaugen. Men når vi veit at Kristiansund er ein by på 17.000 menneske, så må det vera ei naturleg løysing at dei som ikkje har anna landverts samband med fastlandet og som arbeider for tunellar under Freifjorden, får flyplassen på Kvernberget. Eg meiner det at alle vi som er innafrå bygdene her - og som reiser til byen like vel - vi skal gi avkall på dei lokalpatriotiske meiningane våre og gå inn for flyplassen på Kvernberget. - Sunnmøringane stod samla om sin flyplass på Vigra. Kvifor skal ikkje også vi nordmøringar stå samla om Kvernberget?

Når somme les dette, vil dei seie som så: Ja, men kristiansundarane er ikkje nordmøringar og vil ikkje vera det.

Nei, det er eit sørgeleg faktum dette: Molde og Ålesund, ja Trondheim med dei har eit kulturelt samband med bygdene sine, som vi har sakna her på Nordmøre. Det døde nyleg ein mann som heitte Erik Almhjell. Er det mange kristiansundarar som har høyrt dette namnet? Eg vågar å påstå at det knapt er ein halv prosent. Når eg kjem til «byen» og presangterar mitt ringe namn på kontor eller butikk, så har dei vanskeleg for å forstå. Det er mest som det skal vera ein kar langt der nede frå Afrika. Men spør ein moldensar eller ålesunding om dei har høyrt namnet Vik, Straumsheim eller Bolstad. Jau, dei veit mykje meir! Dei står i kontakt med bygdene sine der sør!

Eg har fire band av «Kristiansund Historie». Har også tri band av «Trondheims Historie». Førstnemnde er etter mitt syn den beste byhistorie som er trykt her i landet, og grunnen til dette er at herr Johnsen har teke med så mykje om samhøvet mellom byen og bygdene her på Nordmøre. Dette sambandet må byggjast ut både med fly og vegar. Men det som mest av alt trengst, det er at det kulturelle sambandet blir utvida. Vi som bur her inne på bygdene, skulle da kanskje ha arbeidd for at flyplassen vart lagt til Tingvoll, slik at byfolket vart nøydde til å koma innpå landet for å fara luftvegen. Men så kravstore skal vi ikkje vera. Vi ønskjer alt godt for gamle Fosna. Men til gjengjeld vil vi gjerne ønske at det ikkje berre blir Arne Odd Johnsen som har syn for at det finst ein kultur her inne på bygdene også.

Allereie dagen etter vart innlegget til Hans Hyldbakk tema på leiarplass i Tidens Krav. Ikkje uventa var tankane frå Kleiva som musikk i avisa sine øyre. TK skriv m.a.:

Artiklen gir uyttrykk for et vidsyn som vi er svært glade for. (…) Hyldbakk er her inne på noe vesentlig. Det er av avgjørende betydning at byen og distriktet betrakter seg som en enhet. Ikke bare i historisk perspektiv, men også i dagliglivets mange problemer. Samarbeidet mellom by og land er av så uvurderlig betydning – ikke minst for byen – at det neppe kan skattes høyt nok.