Smånervøse forfattarar møtte lesarane for første gong

07.12.2022

7. desember er det tolv år sidan vi lanserte Kvenndalsboka. Det skjedde under ein bokkveld på Stangvik skule, der heile 70 personar møtte opp.

Tre smånervøse forfattarar vart både overraska og glade. Sidan hausten 2007 hadde vi arbeidd med boka. Vi meinte vel sjølv at resultatet hadde vorte så nokon lunde brukbart. Men bokkvelden var likevel ein elddåp, som det knytta seg spenning til. Det er jo til sjuande og sist lesarane sin dom som tel.

Mange kjøpte Kvenndalsboka under lanseringa, og vi fekk høyre mange rosande ord. Det vidare salet gjekk også godt. No er lageret for lengst tomt.

Som vel dei fleste Vebju-lesarane veit, vart det fire bøker til med lokalhistorie frå forfattarane sitt oppvekstområde. Først kom Søyådalsboka, før trilogien med tittelen «Under Skarfjellet».

Når eg kastar blikket på bøkene våre i bokhylla, eller blar i dei, kjem det raskt opp minne frå ei artig, lærerik og arbeidssam tid. Så er det noko spesielt med Kvenndalsboka. Ho var den første. Arbeidet sendte urutinerte forfattarar ut på ukjent mark.

Saman fann eg, Torbjørn og Erling fram til ei samarbeidsform som fungerte veldig bra. I tillegg var det utruleg mange som stilte opp med bilde og opplysningar. Denne støtta frå bygdefolket hadde vi med oss gjennom heile bokreisa. «Ska tru om det finst bilet?», undrast Torbjørn ein av dei første gongane vi møttest. Ja da. Det fanst bilde rundt om i heimane. Tusenvis, faktisk.

Eg drista meg til å hente eit bilde frå Trollheimsporten for å illustrere denne epistelen. Tolv år, ein Kleivapris og nokre plager seinare, meiner eg vi framleis held oss godt.

Du kan lese meir om bøkene våre her.