Nesten ikkje til å halde ut

04.01.2023

Eitt einaste renn gjenstår i hoppuka. Spenninga er til å ta og føle på. Ja, nesten ikkje til å halde ut. Blir det endeleg norske seier igjen, etter ei ventetid på 16 år?

Etter konkurransen i Innsbruck er eg optimist. Halvor Egner Granerud er i kanonform. Ikkje berre når det gjeld hoppinga, men også på det mentale planet. Det er artig å sjå korleis denne flotte idrettsmannen no handterer både press, medgang og motgang.

For meg har hoppuka alltid vore eit høgdepunkt. Det er ikkje mange av dei TV-sendte renna eg ikkje har sett, etter at det kom fjernsyn til Utigard i 1963. Nyttårsrennet i år var mitt sekstiande på rad framfor skjermen. Eg er nok over middels hoppinteressert.

Hoppuka starta opp i 1953. Sepp Bradl frå Austerrike vann, med nordmennene Halvor Næs og Asgeir Dølplads på dei neste plassane. Opp gjennom åra har desse norske hopparane sikra seg samanlagtseieren: Olaf Bjørnstad (1953/54), Toralf Engan (1962/63), Torgeir Brandtzæg (1964/65), Bjørn Wirkola (1966/67, 1967/68, 1968/69), Ingolf Mork (1971/72), Espen Bredesen (1993/94), Sigurd Pettersen (2003/04) og Anders Jacobsen (2006/07).

Janne Ahonen frå Finland vann hoppuka fem gonger. Jens Weißflog (DDR/Tyskland) står med fire samanlagtseirar. Men berre Bjørn Wirkola har klart å gå til topps tre år på rad. Det var for øvrig veldig nære på at Wirkola skulle klare fire på rad. Men austtyskaren Horst Queck slo nordmannen med knapp margin i 1969/70. I tillegg til triumfane, hadde Wirkola tre pallplasseringar samanlagt. Han vann sølv i 1964/65, bronse i 1965/66 og altså sølv i 1969/70. På bakgrunn av desse prestasjonane vil nok fleire enn eg hevde at Bjørn Wirkola er sjølvehoppukekongen.

6. januar skal hoppuka i år avgjerast. Det er berre å benke seg for an TV-skjermen og stålsette seg spenninga. Heldigvis brukar eg såkalla smartklokke. Ho passar på meg. Under ein fotballkamp i fjor vart eg så oppøst da Molde scora, at eg i tillegg til eit brøl slo venstre handa i armlenet på stolen med full styrke. Klokka reagerte spontant. «Har du skadet deg? Skal jeg ringe 113?», kom det opp på displayet. Heldgvis fekk eg avverga oppringinga.

Kva som skjer i stua om Halvor Egner Granerud går til topps fredag, tør eg ikkje tenke på.