Dei levde hardt og fort. No er mange borte

16.01.2023

Mange av rockeheltane frå 70-talet har det med å ikkje bli så altfor gamle. Dei levde hardt og fort, med minimalt inntak av helsekost. Det sette sine spor.

Sjå på bildet over. Kva er så spesielt med mannen nest lengst mot høgre? Om du ikkje veit svaret: Han er den einaste av dei fem som lever i dag.

Vi ser den klassiske utgåva av Uriah Heep. Bildet er veldig tidstypisk. Hårsveis og påkledning vitnar om tidleg 70-tal. Men som bandbilde frå denne tida er det også typisk på ein annan måte. Eitt, eller ofte mange, medlemmar er no borte.

Vi kan dvele litt ved denne gjengen, som på sitt beste var dundrande gode. Uriah Heep eksisterer den dag i dag. Men strengt tatt varte vel storheitstida i berre 5-6 år. I denne perioden leverte dei album på løpande band - frå 1970 til 1976 heile elleve. Det var nok i meste laget. Stagnasjonen meldte seg etter kvart. Men jarnet måtte smiast medan det var varmt. Pengar skulle tenast.

Her er ein liten presentasjon av besetninga på bildet, frå venstre mot høgre:

Gary Thain, bass: 15. mai 1948 kom Gary Thain til verda i Christchurch på New Zealand. 8. desember 1975 var det heile over. Han døydde av ein overdose i ei leilegheit i London, og vart altså berre 27 år gammal. Thain var ein utruleg dyktig bassist, som sette tydeleg preg på gruppa dei åra han var med. Men det gjekk altså ikkje så bra. Mange år med narkotikaproblem, samt eit elektrisk sjokk på scena, gjorde karen så redusert at han fekk sparken frå bandet i 1975. Få månader etterpå døydde han.

David Byron, vokal: Fleire musikkskribentar på 70-talet meinte at David Byron hadde Storbritannias beste rockestemme. Og Byron var verkeleg ein god vokalist. Livsstilen var det derimot verre med. I 1976 vart han kasta ut av gruppa på grunn av det store alkoholkonsumet sitt. Byron var født 29. januar 1947 i Essex i England og døydde 28. februar 1985 i Berkshire i England, 38 år gammal. Dødsårsaka var enkelt sagt at han drakk seg i hel.

Ken Hensley, tangentar, gitar, vokal: Ken Hensley var den musikalske drivkrafta i Uriah Heep. Ikkje berre som musikar, men også som komponist. Han er mannen bak dei mest berømte låtane til bandet. Som organist hadde han ein umiskjenneleg stil, som gjorde han lett å kjenne igjen i vrimmelen av tangentistar på 70-talet. Hensley kom til verda 24. august 1945 i London, og gjekk bort 4. november 2020 i Spania. Han nådde med andre ord respektable 75 år.

Mick Box, gitar: Den einaste som framleis lever. Mick Box, født 9. juni 1947 i London, har vore med heilt frå gruppa starta i 1969. Han held bandet gåande den dag i dag. Eg har alltid hatt sansen for Mick Box, som den ærlege rockaren han er. Soloen hans på det 16 minutter lange tittelsporet på Salisbury er rett og slett glitrande.

Lee Kerslake, trommer: Etter at ulike trommeslagarar hadde vore innom bandet dei første åra, kom Lee Kerslake med i Uriah Heep i 1972. Saman med Gary Thain utgjorde han ein drivande god rytmeseksjon. Kerslake var født i Bornemouth i England 16. april 1947. Han døydde 19. september 2020, 73 år gammal.

Opp gjennom åra har Uriah Heep gitt ut 40 album. Talet på musikarar som har vore innom er omtrent det samme. Kva er verdt å lytte til? Spør du meg er svaret studioalbuma Salisbury (1971), Look at Yourself (1971), Demons & Wizards (1972), The Magician's Birthday (1972) og Live: January 1973 (1973) Blodfansen vil heilt sikkert finne mykje anna gull i den rikhaldige katalogen. Eg skal heller ikkje påberope meg å ha den fulle oversikta, langt i frå. Men for meg vart det med desse fem.

Uriah Heep kan plasserast i kategorien heavy/progressiv rock saman med band som Black Sabbath, Deep Purple og Led Zeppelin. Det spesielle med Uriah Heep var dei melodiøse komposisjonane, som ofte var bygd rundt flotte vokalarrangement. Før idetørken sette inn rundt midten av 70-talet, skapte dei mange låtar som står seg godt den dag i dag.

Medan eg festar desse linene til skjermen høyrer eg på Demons & Wizards. Ei veldig gjennomført plate. For meg Uriah Heep si beste. I hard konkurranse med Salisbury.