Blåstøa gjer snø til vatn

27.05.2023

Blåstøe er eit uttrykk som høyrer våren til. Kva betyr dette ordet?

I alle fall godt vaksne folk veit godt kva dette handlar om. Språkforskar Tor Erik Jenstad skreiv om blåstøe på nettsida si «Moro med ord og uttrykk!» i mars 2013, og ordla seg da slik: Sjøl om det er vinterleg mange plassar akkurat no, så veit vi det er ikkje så lenge til all denne snøen skal vekk. Da får vi ein fase der det kan vera skikkeleg sørpeføre bortover markene. Snøen blir svært blaut og vassblanda, gjerne med vassdammar innimellom. Det skvett til alle kantar når ein trør i slikt. «Snøgraut» er den treffande skildringa ein av informantane våre gir. Blåstøe er eit ord for denne tilstanden.

I boka «Ord til gagns» finst også ein kort og presis definisjon: Blåstøe, når snøen er så full av vatn at han skin i blått.

Eg kom til å tenke på dette ordet da eg sat innafor Elibekrin og rasta for nokre dagar sidan. Derifrå såg eg ned i dalsøkket mellom Storfjellet og Litfjellet. Her samlar det seg vatn frå fjella rundt, og Fjellendbekken blir til. Blåstøa i området vitna om at våren verkeleg var på offensiven. Endringane i naturen skjer fort på denne tida. Det er ikkje så lenge sidan eg gjekk på fin skare i det same området.

Ifølge Jenstad er ordet blåstøe bruka på Nordvestlandet frå og med Sogn til og med Nordmøre. Det går også inn i Hemne, Hitra og Frøya. I Eide, Gjemnes og Averøy seier dei blautstøe. Også den meir ulogiske varianten blåsstøå blir bruka enkelte stadar på Nordmøre.