Kor mykje kan vanlege folk tole?

22.06.2023

Sentralbanksjefen køyrer på i kampen mot inflasjonen. Denne veka kom eit nytt rentehopp. Fleire er i vente.

Eg er ingen økonom. Men eg registrerer at så langt har ein lang periode med renteauke ikkje verka. Inflasjonen held seg stabilt på eit nivå som Norges Bank ikkje likar, sjølv renta på bustadlån no er rundt tre gonger så høg som i 2021. Sett frå ein lekmann sin ståstad, må det kunne gå an å spørje: Er den kraftige renteauken rett medisin? I tilfelle den er det, kunne det ha vore interessant å vite når sentralbanksjefen ser for seg at den skal begynne å verke på ein måte som verkeleg monnar.

Norges Bank trur no at renta vil stige til 5,4 prosent i løpet av neste år. Det er skyhøgt over den prognosa dei kom med da rentehoppa starta starta. Går spådomen i oppfylling, betyr det at familiar med fire millionar i gjeld, i løpet av kort tid vil få rentekostnadane sine auka frå 80.000 til over 200.000 kroner i året. På toppen av dette kjem avdrag.

Ikkje spør meg korleis folk skal klare dette. Mange hadde heilt sikkert ein del å gå på da rentegaloppen starta. Utan hadde dei ikkje fått lån. Men ein plass går grensa. LO-leiar Pegg Hessen Følsvik gjekk onsdag kraftig ut mot Norges Bank. Ho kallar det ubegripeleg at sentralbanksjefen held fram med det ho kallar eit aggressivt rentekappløp. LO-leiaren spår at Norge kjem til å gå på ein kjempesmell hvis renteauken held fram, og minner sentralbanken om at dei også skal ta omsyn til syselsettinga når dei bestemmer rentenivået.

Eg vil tru at mange av dei som no sit med kalkulatoren og prøver å finne ut korleis dei skal få endane til å møtast med enda fleire nye rentehopp i sikte, er eininge med LO-leiaren. I sin utrettelege kamp mot inflasjonen, er det kanskje på tide at sentralbanksjefen også begynner å tenke over kor mykje vanlege folk med store bustadlån eigentleg kan tole, og om den brutale medisinen ho skriv ut mot inflasjonen verkar slik den var tenkt.