Seksti år med campingliv i Bæverfjord

13.06.2023

Seksti år har gått sidan Småøyan camping i Bæverfjord vart opna. 4. juni 1963 meldte Tidens Krav at «ny campingplass i Bæverfjord står klar til St. Hans». Og avisa la til: «Plassen får en gunstig beliggenhet».

Bæverfjord samvirkelag stod bak tiltaket, med bestyrar Asbjørn Wæge som drivkraft. Wæge fortalde m.a. til avisa at campingplassen ville få eit førsteklasses sanitæranlegg med toalett og innlagt vatn. Til dette hadde NAF si avdeling i Kristiansund gått inn med økonomiske støtte.

29. mai året etterpå var avisa på plass i Bæverfjord. Reportasjen frå besøket er ført i pennen av signaturen Stein, som vi nokså sikkert kan gå ut frå at var journalisten Stein Sættem.

Vi saksar frå intervjuet med Wæge:

- Hvordan har utbyggingen gått?

- I fjor ble det bygd sanitæranlegg, men det ble ikke skikkelig ferdig før i år. Videre er det bygd to hytter for utleie I hver er det fire køyer så det skulle passe godt for en familie. På plassen er det også kiosk som vil bli betjent alle hverdagskvelder og om søndags ettermiddager.

- Er det meningen å utvide?

- Hvis det viser seg at de to campinghyttene faller i publikums smak vil det bli bygd flere etter hvert som behovet melder seg. Det er rikelig plass for å slå opp telt, så utvidelse av arealet vil neppe komme på tale med det første.

I 1964 arrangerte Småøyan camping den første olsokfeiringa. Feiringa skulle etter planen gå av stabelen på olsokdagen onsdag 29. juli. Men på grunn av ufyseleg veret, vart det heile utsett til søndagen etter. Veret var heller ikkje da det aller beste, men heile 500 personar møtte opp. Sett med 2023-briller, kan vi vel seie at dette var eit enormt høgt tal.

Ifølge Tidens Krav sitt referat, vart olsokfeiringa opna av ordførar i Åsskard, Ola Bævre. Han håpa at feiringa skulle bli ein tradisjon. Turistsjef Fahlstrøm (avisene bruka ikkje fornamn på framståande personar på denne tida) frå turistforeninga helsa, Randi Kleinsorg bidrog med deklamasjon og Åsskard songlag med musikalsk innslag. Elles var det bålbrenning og servering av rømmegraut. 200 porsjonar gjekk med.

Den store programposten var fiskekonkurransen, der 34 deltakarar var påmeldt. Ungguten Stein Wæge gjekk til topps. Han fekk fire fiskar, som til saman vog 2,3 kilo. Martin Snekvik vart nummer to og Tor Holten nummer tre. Storfavorittane, med Peder Bævre i spissen, måtte sjå seg slått, går det fram av reportasjen. Den nemnte turistsjefen «mobiliserte all sin fiskekyndighet», og vart nummer 11 etter å ha dratt i land ein fangst på 300 gram.

Tidens Krav konkluderer med at «arrangørene hadde lagt alt til rette og olsokfeiringen på Småøyan camping ble i alle deler vellykket».

Campingsatsinga i Bæverfjord skulle vise seg å vere framtidsretta. Småøyan lever seksti år etter starten i beste velgåande, som ein moderne og godt utstyrt campingplass. Ifølge campingportalen.no tilbyr campingplassen i dag langtidsleie, og har ca. 40 fastbuande. ​Her er 21 hytter og store område for spikartelt og husvogner. ​Småøyan har cirka 80 senger å tilby for drop-in gjester.

På campingplassen finn ein også eit nyoppussa fellesanlegg med dusj, toalett og kjøkkenkrok, samt eit hovedhus med selskapslokale og kiosk.