Vann OL utan å vite det

18.12.2022

Under OL i Salt Lake City tok Thomas Alsgaard og Frode Estil delt sølv på 10 km jaktstart. Det dei da ikkje visste, var at dei til slutt skulle bli vinnarar av løpet. Den avgjerda fall først 18. desember 2003.

Etter løpet delte dei to andreplassen. Øvst på seierspallen trona Johann Mühlegg, tyskaren som i 1998 bytta statsborgarskap og gjorde spanjol av seg. Men som vi no i ettertid veit, viste han seg å vere ein av dei største juksemakarane i OL si historie. Opprinneleg tok Mühlegg tre gull under OL i Salt Lake City. På grunn av doping mista han dei alle. Det gjorde Alsgaard og Estil til OL-vinnarar.

Gullet til nordmennene vil for alltid stå i historiebøkene. Men den ekte gullfeiringa gjekk dei altså glipp av. Å få ein gullmedalje i posten, er sjølvsagt langt frå det same som ein seiersseremoni med publikum og nasjonalsong.

I OL i 2002 tok Mühlegg først gull på 30 km og 10 km jaktstart. Han gjekk også i mål med best tid på 50 km, men vart diskvalifisert da han testa positivt på stoffet darbepoetin. IOC bestemte først at Mühlegg skulle behalde gulla frå 10 og 30 km, før den internasjonale voldgiftsretten i 2003 vedtok å fråta Mühlegg også desse medaljane.

Eg hugsar enno at det var noko umenneskeleg over Mühlegg under løpa i 2002. I eit forsøk på å henge på spanjolen, gjekk svensken Per Olofsson på ein kjempesmell. Mange meiner at denne sprekken øydela karrieren til Olofsson. Han stod over store delar av sesongane 2003/2004 og heile den neste. Svensken planla comeback til OL i 2006, men kunngjorde i oktober 2005 at han ville legge opp.

Da Johann Mühlegg skifta statsborgarskap, fekk han raskt resultatforbetringar som vekte mistanke i langrennsmiljøet. I 1998 vart han, som løpar for Tyskland, nummer 24 i verdscupen. I sesongen 1999/2000 vann spanjolen Mühlegg den same cupen.

Leikane i Salt Lake City i 2002 vart avvikla i skuggen av doping og korrupsjon. Sju utøvarar vart tatt for doping. Samtidig kom det fram at omfattande korrupsjon o gbestikkingar låg bak valet av Salt Lake City som arrangementsstad. Eit IOC-medlem hadde mottatt nærare 300.000 dollar for å støtte Salt Lake City. Andre bestikkingar var stipend til barn og barnebarn, betalte operasjonar, kontantar og andre gåver. Ja, kona til eit av medlemmane i IOC vart til og med påspandert ein hund!

Ein kuriositet til slutt: I 2001, under det dopingomsuste verdsmeisterskapet i Lahti, tok finnen Jari Isometsä gullet på 20 km jaktstart. Dette mista han seinare på grunn av doping. Kven var det da som avanserte frå bronse til sølv? Dopingkongen Johann Mühlegg.