Målpris til politisk nestor

26.04.2023

Senterpartiveteranen Ole Eimund Øverland frå Gjemnes er tildelt Nordmøre Mållag sin målpris for 2022.

Øverland var bortreist da mållaget hadde årsmøte. Overrekkinga vart derfor gjort heime hos prisvinnaren.

I grunngjevinga for tildelinga skriv Nordmøre Mållag: «Ole får målprisen fordi han har brukt ein lett og naturleg nynorsk i alle år, både i arbeidslivet, som politikar og på fritida. Nordmøre Mållag er glade for å kunne gje målprisen til ein kunnskapsrik, reflektert, sakleg og arbeidssam person».

Vinnaren av målprisen kan sjå tilbake på ein lang og innhaldsrik karriere innafor politikk og offentlege verv. Øverland var medlem av kommunestyre og formannskap i Gjemnes kommune frå 1965 til 1991. Med unntak av to år som varaordførar, var han ordførar i Gjemnes i perioden 1972 - 1991. Vidare var han medlem i Møre og Romsdal fylkesting i periodane 1972 - 1975 og 1987 – 2003. Han sat som fylkesvaraordførar i åra 1991 - 1995 og var fylkesordførar frå 1995 til 2003.

Overland var fylkesleiar i KS Møre og Romsdal 1980 -1987, og nestleiar i hovudstyret Kommunenes Sentralforbund 1992 -1995. Han var medlem i hovudstyret i Den Norske Stats Husbank 1992 - 1998, og styreleiar same stad i åra 1998 - 2000.

For sin store samfunnsgagnelege innsats vart Ole Eimund Øverland i 2008 tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.