
Skrivemaskineriet Vebju sin påskequiz
Her er ein liten kunnskapstest til tidtrøyte i påska. Kor mange av dei 25 spørsmåla greier du? Svara finn du ved å scrolle forbi bildet som ligg under spørsmåla.
Vintersport
1. Kven vann verdscupen i kombinert for kvinner i 2022/2023?
2. Kven sette verdsrekord på 10.000 meter skøyter med 15.46.6 i 1960?
3. Kva heiter tvillingbroren til Gjermund Eggen?
4. I kva år vart skiskyting for kvinner første gong olympisk grein?
5. Norge tok flest medaljar under OL på Lillehammer i 1994. Men eit anna land
tok likevel flest gull. Kva land?
Musikk
1. Kven var yngst av medlemmane i The Beatles?
2. I kva år ga Vårsøg ut sin første LP?
3. I kva by skal den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix arrangerast i 2023?
4. Artisten Ane Brun vart født 10. mars 1976. I kva by?
5. Kva instrument spela Bill Wyman i The Rolling Stones?
Politikk
1. Kva heiter leiaren i Miljøpartiet De Grønne?
2. I kva år vart Jan P. Syse statsminister i Norge?
3. Kva ministerpost hadde Erna Solberg i regjeringa Bondevik II?
4. Kven vart norsk statsminister i 1972, da Trygve Bratteli si regjering gjekk
av etter EF-nederlaget?
5. Kven tok over som leiar i Arbeiderpartiet etter Gro Harlem Brundtland i
1992?
Namn
1. Kva heiter sentralbanksjefen i Norge?
2. Kva heiter den tidlegare kringkastingssjefen som no er administrerande direktør
for Norsk Tipping?
3. Kva heiter sjefredaktøren i Tidens Krav?
4. Kva heiter fylkesordføraren i Møre og Romsdal?
5. Kva heiter politikaren som etter berre nokre veker i vervet måtte trekke seg
som stortingspresident i 2021?
Ymse
1. Finske bilar hadde fram til 1993 kjennemerke SF. Kva kjennemerke står på
finske bilar i dag?
2. Kor gammal er Vladimir Putin?
3. Kva heiter avtalen som la grunnlaget for NATO?
4. I kva by ligg Den europeiske menneskerettsdomstolen?
5. Ein svært kjent barnebokforfattar var tante til kona til Jens Stoltenberg,
Ingrid Schulerud. Kven var det?

Svar på spørsmåla
Vintersport
1. Gyda Westvold Hansen
2. Knut Johannesen
3. Jo
4. 1992
5. Russland
Musikk
1. Gerge Harrison
2. 1977
3. Liverpool
4. Molde
5. Bass
Politikk
1. Arild Hermstad
2. 1989
3. Kommunalminister
4. Lars Korvald
5. Thorbjørn Jagland
Namn
1. Ida Wolden Bache
2. Thor Gjermund Eriksen
3. Ole Knut Alnæs
4. Line Hatmosø Hoem
5. Eva Kristin Hansen
Ymse
1. FIN
2. 70 år (f. 7. oktober 1952)
3. Atlanterhavspakta
4. Strasbourg
5. Anne-Cath. Vestly
Korleis gjekk det?
21-25: Du fortener eit ekstra påskeegg til frukost.
16-20: Absolutt innafor.
11-15: Du har litt å gå på.
6-10: Les du ikkje aviser?
0-5: Vel vel...