Omtalen av fotballdamene: Det er forskjell på menn og kvinner

31.07.2023

Fotball-VM i New Zealand starta med uro i troppen for det norske damelandslaget. Det har fått kommentatorar og andre såkalla ekspertar til å gå bananas med nedrakking og svartmåling.

Det som har kome frå sportskommentariatet den siste tida, manar fram ei ekkel kjensle av at menn og kvinner er underlagt ulike normer for såkalla kritisk journalistikk. Idrettsutøvarar på toppnivå, også kvinner, skal tole sakleg kritikk. Men mykje av det som har vore sagt og skrive om damelandslaget i starten av dette verdsmeisterskapet, har ikkje vore sakleg. Det har vore direkte usakleg. Ja, eg vil seie vondsinna og uanstendig.

Verst har faktisk NRK vore. Ekspertkommentator Carl-Erik Torp har fått boltre seg på ein måte, som kan få ein til å lure på om det i det heile tatt er vaksne heime på Marienlyst no midt på sommaren. Vrakinga av Caroline Graham Hansen til kampen mot Sveits er eit godt døme. Landslagstrenar Hege Riise gjorde uttaket av taktiske omsyn. Torp dømte trenaren nord og ned. Kritikken var prega av store ord og mangel på fagleg tyngde.

Sjølvsagt var vrakinga kontroversiell. Men kor mykje veit eigentleg NRK-eksperten om det indre liv i landslagstroppen, og kva som skjer bak lukka dører når trenarteamet legg sine strategiar? Fint lite, sjølvsagt. Ingenting er så lett som å drive synsing basert på rykte, tvilsame lekkasjar og eigne forutinntatte meiningar. Det kan eg faktisk ein del om.

Ein tanke slår meg: Kva om Ståle Solbakken hadde vraka Erling Braut Haaland eller Martin Ødegaard til ein avgjerande kamp? Eg tippar mange kommentatorar ville ha geniforklart landslagssjefen som ein uredd taktikar av stort format.

Etter den trøblete starten, slo Norge tilbake og knuste Filippinene. Fotball-Norge jubla. Filippinene er ikkje verdas beste lag. Men samtidig slo dei New Zealand, som vi tapte mot. Så heilt utan motstand var ikkje landslaget vårt i den avgjerande kampen. Langt ifrå.

Kor mange gongar har ikkje herrelandslaget gått på blemmer, for så å presterere ein braksieier over eit langt dårlegare rangert lag? Vi har sett det ofte. Og norsk presse har utan atterhald hylla målfesten. Men for damene gjeld andre reglar. Derfor valde kommentator Birger Løfaldli i Adresseavisen denne tittelen da han skulle omtale seieren over Filippinene: «Hvor lenge varer gleden»? Orkar du å lese den særs negativt lada artikkelen, ser du fort at det etter Løfaldli si meining kjem til å handle om kortvarig glede. Meir sportsleg motgang og intern uro ventar, får vi vite. Oppgulpet til Løfaldli er typisk for den tonen som delar av norske medier har lagt seg til i dekninga av damelandslaget.

Så har eg enno ikkje nemnt Finansavisen-redaktør Trygve Hegnar sin tirade mot fortballdamene. Artikkelen er så gjennomsyra av fordommar, inkompetanse og forgubba kvinnesyn, at den ikkje fortener å bli sitert. Hegnar kom med eit liknande angrep på damelandslaget i 1995, da Norge tok gull. Da sa trenar Even Pellerud at «dette måtte ein psykolog kommentere, og ikkje ein fotballtrenar». Eit fantastisk godt svar, som landslagstrenar Hege Riise kunne ha bruka i dag. Om ho hadde gidda å bruke tid på Hagnar sitt gammelmannsprat.

Eg har følgt med på damefotballen sidan slutten av 70-talet, da eg som fersk journalist dekte kampane til Troll frå Rindal. Dei var på denne tida eit av dei aller beste laga i landet, med Eli Landsem som hærførar. Utviklinga sidan den gongen har vore heilt eventyrleg. I dag ser eg på kvinne-VM med like store glede og interesse som herre-VM.

Laurdag skal Norge møte Japan i ein spennande åttandedelsfinale. Greier dei å omsette all den ufortente driten dei har vore utsette for til positiv energi, kjem damene våre til å vinne. Og da kan alt skje. Heia Norge!