Tider som aldri kjem att: Langrennseliten samla 5.000 tilskuarar i Surnadal

26.03.2023

Fire gonger i perioden 1968-1971 stilte norske og utanlandske langrennsstjerner til dyst i Surnadal. Dei såkalla eliterenna skapte bortimot euforiske tilstandar blant både unge og eldre. Dei beste langrennsløparane hadde status på line med rockstjerner på denne tida.

Det første rennet gjekk av stabelen 29. mars 1968. På stadion ved Øye skule og rundt løypa var det tjukt med tilskuarar, heile 5.000 i talet! Det var uhorveleg mykje folk. Har det nokon gong vore avvikla idrettsarrangement med eit større publikum i bygda?

Dette var like etter OL i Grenoble. Blant dei som kom til Surnadal var Ole Ellefsæter, som tok OL-gull både på 5-mila og på stafetten. Andre kjente løparar som deltok i 1968 var Gjermund Eggen, Einar Østby, Lorns Skjemstad, Johs. Harviken og Reidar Hjermstad. Vinnar i det første eliterennet, som gjekk over ti kilometer, vart Gjermund Eggen.

I dameklassen stilte Inger Aufles, Babben Enger Damon og Tone Dahle. Aufles hadde stafettgull og bronse på 10 km med i bagasjen frå Grenoble. Enger Damon kom heim med stafettgull. Det fem kilometer lange løpet vart vunne av Inger Aufles.

Larry Damon frå USA var det einaste utanlandske innslaget i 1968. Dei neste åra skulle det kome løparar frå fleire nasjonar. Dei mest profilerte av desse var italienaren Franco Nones, som vann OL-gull på tremila i Grenoble, og Walter Demel frå Vest-Tyskland. Tyskaren tok VM-bronse på tremila i Oslo i 1966.

I 1969 stilte to ualminneleg lovande juniorar, Oddvar Brå og Iver Jønland, til start. Begge hadde allereie gjort det skarpt internasjonalt. Brå vann juniorklassen suverent. Da dei kom att året etterpå, måtte Brå sjå seg slått av Jønland. Oddvar Brå skulle bli ein av dei største langrennsløparane som Norge nokon gong har fostra. Jønland gjekk det annleis med. Etter å ha fått påvist diabetes, la han opp allereie i 1975.

Renna vart innleia med gutestafettar, der lag frå Surnadal og omegn stilte. Lokale løparar frå distriktet deltok i junior- og A-klassen.

Rennet i 1971 vart det siste av denne sorten. Det hadde også klart dårlegast deltaking av eliteløparar. Tida da løparane gjekk for knappar og glansbilde nærma seg slutten. I 1973 vart verdscupen innført også i langrenn, i perioden fram til 1982 med status som uoffisiell. I kjent FIS-stil, fekk ikkje kvinnene uoffisiell verdscup før i 1978.

Skal ein kome tett inn på langrennsstjernene i dag, må ein helst reise eit stykke. Bortsett frå NM, som pussig nok verkar sjudomsframkallande på mange av toppløparane, er det ikkje mange løpa dei går i Norge. Pengane rår. Oppvisingsrenna rundt om på bygdene får vi aldri att. Men kanskje er det nettopp slike arrangement ein langrennssport på retur hadde trengt for å styrke interesse og rekruttering?